Stengte straumen: For ti dagar sidan var BKK i Fjellheim og stengte straumen etter eit elektrisk tilsyn i januar 2022. – Fleire av feila var bagatellmessige, og BF kunne ha fått utbetra dei av fagfolk utan kostnad for kommunen.

Ad hoc-utvalet får likevel fullføra oppdraget sitt

På nesten mirakuløst vis klarte ikkje dei gamle ringrevane i lokalpolitikken å lukkast.

I kommunestyret torsdag 15. juni sto Fjellheim igjen på sakskartet til kommunestyret, tre og eit halvt år etter at kommunestyret, med knappast mogleg fleirtal, fekk vedteke å etablera eit ad hoc-utval.

Les også
– Forkasteleg å kutta armen av dei som har jobba utrøytteleg for dette

Då Skaparstova litt uventa kasta inn handkledet, var det naturleg at Bevar Fjellheim (BF) fekk tilbod om å forhandla fram ein avtale med utvalget. KrF, FrP og Høgre hadde tydelegvis «snakka saman», og avtalt seg i mellom, å stoppa vidare arbeid i ad hoc-utvalet, og ville setja Bevar Fjellheim på sidelinja.

Artikkelen held fram under annonsen.

På nesten mirakuløst vis klarte ikkje dei gamle ringrevane i lokalpolitikken å lukkast med dette skitne trikset, som mellom anna var å skulda på tidsbruken. Redningsmannen vår vart Magne Djuvik, som er uavhengig representant, og som stemte for at ad hoc-utvalet måtte få fullføra oppdraget sitt.

Vi må spela meir på lag

Utvalet sitt mandat var kort sagt å få liv i Fjellheim ved å inngå avtale med organisasjonar eller lag som kunne ta på seg oppgåva med nødvendig oppgradering av bygget til godkjent standard for bruk, i tillegg til å drifta bygget.

Ein skulle tru at dette var ein vinn-vinn-situasjon, men det har vore unødvendig tunge tak innimellom.

At det er politisk usemje om Fjellheim, er veldokumentert, men det er ikkje berre høgresida i politikken som er bremseklossen. Det er ikkje å ta for hardt i at vi i BF har opplevd kommuneadministrasjonen og driftsavdelinga som kanskje den største bremeseklossen heile vegen sidan 2012.

Kommunedirektøren sitt siste innspel var til dømes at arbeidet med utleige bør stoppast, og at bygget blir lagt inn i kommunen sin portefølje.

Leigeavtale som Stiftinga Os kulturutvikling?

Stiftinga Os kulturutvikling leiger Vognallen på vilkår som kan vera eit utgangspunkt for drøftingar om leigeavtale for Fjellheim.

På nesten mirakuløst vis har Vognhallen blitt eit kultursenter for kunst, kultur og musikk midt i sentrum. Leigeavtalen med kommunen er kort, og enkel å forstå for begge partar. All oppgradering har skjedd i regi av Os kulturutvikling.

Det innebygde og arkitektonisk flotte kulturbygget i nordenden er rett og slett imponerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjellheim er også eit sentrumsnært kulturbygg med høg kulturverdi, men i motsetning til Vognhallen, har Fjellheim gjennomgått fleire gjennomgripande oppgraderingar.

Oppgradering av heile bygget

Sidan avdeling drift ikkje ønskjer ei etappevis oppgradering av Fjellheim (der mellom anna underetasjen kan takast i bruk først), har vi tatt følgjene av det, og slått saman budsjetta for oppgradering av heile huset inkludert uteområda.

Vi ser også at det kanskje er den beste løysinga med tanke på sponsorar og framdrift for oppgradering av heile huset.

Slik ser BF føre seg budsjettet for oppgraderinga:

Budsjett: Slik ser budsjettet for oppdragering av underetasjen ut.
Budsjett: Slik ser budsjettet for oppdragering av hovudetasjen ut.

Tak: I følgje kommunen sitt budsjettframlegg er det sett opp ein sum for utbetring/nytt tak. Etter skifte av tak og sutak i 1984, er det ikkje registrert lekkasje, men på bjelkelaget kan ein sjå spor etter lekkasje frå før skifte av taket.

Drenering mot grunnmur på vestsida: Rett etter krigen vart heile vestsida graven opp og steinsett på ny (tyskarane hadde hatt «potetkjellar» i underetasjen inn mot vestveggen). Asfalteringa heilt inn til grunnmuren kan vera årsak til at det er lite utlufting frå massane inn mot grunnmuren. Dette må sjølvsagt sjekkast nærare.

Vaktmeisterbustaden: Føreslår riving for å laga ein buffersone mot eventuelle nye bustader i sør.

Tore Moberg

Bevar Fjellheim