Har fleire spørsmål: Korleis var sakshandsaminga? Kven førebudde saka for styret? Vart saka i det heile diskutert i styret, spør Christian Stabell.

Aksjelov og vedtekter gjeld også for styret i Os og Fusaposten AS

Styret i Os og Fusaposten AS er sjølvsagt bunde av vedtektene i selskapet. Dei kan ikkje gjera vedtak som er i strid med desse, sjølv om det står eit styrefleirtal bak.

I § 6 i vedtektene heiter det: Erverv av aksjar i selskapet ved overdraging skal vera på vilkår av samtykke frå selskapets styre, og slikt samtykke skal nektast dersom ein einskild aksjonær ved overdraginga vil oppnå ein eigardel på 20 % eller meir av selskapets totale aksjekapital.

1. mars kjøpte Odd Øie 13 aksjar frå familien Lunde for kr 11.568,48 per stk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før var han eigar av 124 aksjar i Os og Fusaposten AS, 63 aksjar privat og 61 aksjar gjennom sitt heileigde aksjeselskap Amble Invest-ment AS. Dette utgjer over 20 %, som altså er det maksimale ein kan eiga i Os og Fusaposten AS. Alt då Øie passerte 123 aksjar (av dei totalt 616 i selskapet) skulle styret ha sett foten ned.

Med dei 13 aksjane som Odd Øie kjøpte 1. mars, var han då oppe i 138 aksjar. Dette utgjer 22,4 % av alle aksjane i selskapet.

Samtykke skal nektast dersom ein einskild aksjonær oppnår ein eigardel på 20 % eller meir.

Samtykke skal nektast

Styret skulle altså ikkje ha gjeve samtykke til kjøp av dei 14 aksjane Øie har erverva i år. For vedtektene seier at samtykke skal nektast dersom ein einskild aksjonær oppnår ein eigardel på 20% eller meir. Det står ikkje at samtykke kan eller bør nektast.

Her har altså styret forsømt seg, og kjøpet må gjerast om. Men i følgje aksjeloven § 4-16 heiter det: (4) Er erververen ikke underrettet om at samtykke er nektet innen to måneder etter at melding om ervervet kom inn til selskapet, anses samtykke å være gitt.

Det kinkige i denne saka er at Odd Øie sjølv sit i styret som har godkjent kjøpet, og som den profesjonelle investoren han er burde han vera den første til å gjera resten av styret merksam på at kjøpet var i strid med aksjeloven og vedtektene.

Kva gjer ein så?

I følgje aksjeloven § 4.17-2 må aksjane no avhendast. Og i følgje § 4-17-3 1. ledd må selskapet utpeika “en annen som er villig til å overta aksjene på samme vilkår som erververen”. Med andre ord må dei andre aksjonærane få tilbod om å kjøpa dei for same summen som Odd Øie har betalt – kr 11.568,48 per aksje.

Men før det må aksjonærane få ei forklaring på korleis ein kunne koma opp i dette uføret. Korleis var sakshandsaminga? Kven førebudde saka for styret? Vart saka i det heile diskutert i styret?

Christian Fr. Stabell