DEBATT
Alternativ plassering må utgreiast!
Det er mange grunnar for at eit eventuelt nytt hotell i Os må plasserast ein meir høveleg stad enn på Mobergsneset.
Eg vil peika spesielt på desse grunnane:
1) Sprenging på tomta, evt. to meter ned, for å laga plass til parkering, vil skapa store ristingar i grunnen med fare for at grunnen under Sameiget Sjøfronten Os, som til dels kviler på søyler i sjøbotnen, vil kunna svikta.
Dette vil kunna bli øydeleggjande for eksisterande blokker på grunn av sprekkdanning og større skader på leilegheitene i blokkene. I kommunedirektørens saksframlegg er det ikkje nemnt om risiko for dette er undersøkt.
2) Miljøet for bebuarane på Mobergsneset vil bli svært forringa, særleg i byggeperioden med bråk og støv frå sprenging og stor trafikk for transport av masse til og frå byggeplassen. Dette vil hindra persontrafikk for alle som bur i området og gjera det farleg for gåande, særleg for eldre som bur her, men også for andre på veg til og frå Oseana.
3) Livskvaliteten for mange i Os, særleg for oss som bur i nærområdet, men også for andre i Os vil bli forringa.
Eit hotell for tilreisande turistar høver ikkje som eit samlingspunkt for bygda, slik kommunedirektøren omtalar det i sitt saksframlegg.
Korleis vil eit hotell, slik han skriv, kunne «opne eit nytt byrom» og «generere turgåing»?
Tvert imot vil bygging av eit hotell på Mobergsneset øydeleggja ein populær møteplass og eit vakkert friluftsområde for folk i Bjørnafjorden. Samla vil dette vera negativt for folkehelsa i kommunen.
Dette er viktige grunnar for at kommunen bør utgreia andre alternative plasseringar for hotellet. I møtet med ordførar Søviknes ved overlevering av underskrifter mot hotell, peika han på fleire andre plasseringar som ikkje var nærare utgreia.
Gunnar Kvåle
Initiativtaker til underskriftsaksjon mot hotell på Mobergsneset