Strategi: Det er verdas dårlegaste rekrutteringsstrategi å kutta i løna og pensjonsrettane til dei tilsette.

Arbeidarpartiet seier JA til meir felles velferd!

Bjørnafjorden viser veg – og Arbeidarpartiet vil halde fram med å peika ut retninga for den offentlege velferda.

Presset på helsetenestene aukar i takt med at vi blir stadig fleire eldre. Dette krev mykje av oss. Då kan ikkje løysinga vera å opna for privatisering i eldreomsorga på kostnad av brukarar og tilsette.

Bjørnafjorden Arbeidarparti er tydelege på at vi ikkje ønskjer kommersielle aktørar og velferdsprofitørar velkomne til å driva sjukeheimane og omsorgstenestene våre. Vi ønskjer ikkje at skattepengane våre skal hamna i utanlandske investeringsfond og skatteparadis. Vi vil at skattepengane våre skal førast tilbake til fellesskapet i form av meir velferd og skikkelege arbeidsforhold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette betyr ikkje at det ikkje er plass til samarbeid og samhandling med ideelle aktørar som t.d. Røde Kors, LHL, osv. Slike organisasjonar og stiftingar kan vera gode og riktige samarbeidspartar og supplement til det offentlege. Dette sa eg også tydeleg frå om i debatten til Bjørnafjorden Næringsråd.

Venstre går i sitt lesarbrev etter næringsdebatten 24. august rimeleg hardt ut og hevdar at mitt debattutsegn om at skattepengane våre skal brukast til velferd og ikkje til profitt, gjev inntrykk av at eg meiner «private aktører er velferdsprofitører som kun er ute etter å tjene penger på den norske velferdsstaten».

Dei seier vidare at Venstre ikkje opplever eit slikt verkelegheitsbilete. Les ein litt vidare i lesarbrevet til Venstre kan det likevel sjå ut til at det er skrive av ulike personar med ulikt verkelegheitsbilete, for det vert brått sagt av dei same underskrivarane at dei «nekter ikke for at noen private aktører har tjent godt på dette, og ja, noen kan sikkert med rette betegnes som velferdsprofitører».

Kva Venstre eigentleg meiner, får bli opp til veljarane å avgjera. Men vi i Ap er glade for at (i det minste nokre av) Venstre-politikarane også innser at profittering på velferdstenester er eit reelt problem. Vi les jamvel i programmet til Venstre at dei går til val på «betring av arbeids- og tilsettingshøva i helsesektoren», og eit slikt lys framstår åtaket på meg og Arbeidarpartiet som nokså pussig.

For kvar ligg eigentleg moglegheitene til å ta ut profitt på omsorgstenestene våre? Det er i liten grad moderne og innovative løysingar som gjev rom for det. Tvert imot er det ei veldig enkel og gamaldags løysing på det problemet – nemleg løn og pensjonsutgifter.

Lønskostnadene utgjer på landsbasis i gjennomsnitt 80% av utgiftene i eldreomsorga, og det er godt dokumentert gjennom mange år, at den aller største gevinsten ligg i å kutta ned på løn og pensjon til dei tilsette. Dersom Venstre skal stå til truande når dei seier dei vil betra «arbeids- og tilsettingstilhøva i helsesektoren», er ikkje konkurranseutsetjing vegen å gå.

Venstre hevdar også at ein ikkje er gode nok på anskaffelsar og anbod. Arbeidarpartiet har større tiltru enn Venstre til at dei som driv profesjonelt med offentlege anskaffelsar, faktisk veit det meste som er å vita om korleis eit slikt omfattande anbodsgrunnlag må byggjast opp dersom ein skal sikra både kvalitet og lovverk.

Vår felles store utfordring framover kjem til vera mangel på helsepersonell – rett og slett mangel på hender. Då er det verdas dårlegaste rekrutteringsstrategi å kutta i løna og pensjonsrettane til dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Arbeidarparti er tydelege på at vi ønskjer gode offentlege tenester. Kvar einaste krone som innbyggjarane betaler i skatt skal gå til tenesteproduksjon. Vi skal ikkje kutta i løn og pensjon til dei tilsette som kvar einaste dag står på og gjer ein fantastisk jobb.

Konkurranseutsetjing av omsorga vår skaper ikkje ein einaste ny jobb. Hendene er dei same, men vilkåra for dei tilsette er det ikkje!

Besto og besten skal ikkje ut på anbod!

Trine Lindborg

Bjørnafjorden Arbeidarparti