Usosialt og feil: Det er ekstremt usosialt og heilt feil å senda rekninga til småbarnsfamiliar.

Barn blir stengde ute frå viktig, sosial arena på grunn av usosial ny faktura frå fleirtalet

Fleirtalet i kommunestyret veltar dei økonomiske utfordringane til kommunen over på småbarnsfamiliar. Resultatet av dei usosiale prioriteringane, er at barn vert stengde ute frå ein av dei viktigaste sosiale arenaene i livet deira.

Fleritalet i kommunestyret røysta nyleg for å auka dei årlege SFO-utgiftene til småbarnsfamiliar til inntil 5.000 per born.

Bjørnafjorden SV seier klart nei til dette. Det er ekstremt usosialt og heilt feil å senda rekninga til småbarnsfamiliar, slik fleirtalet nå gjør, når kommunen skal auka inntektene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etablerings- og småbarnsfasen er ein fase der mange har trong økonomi allereie. Dei har blitt fleire munnar å metta, det er behov for større bustad og bil, det trengst mykje klede og utstyr, og det er fleire som skal på fritidsaktivitetar som kostar pengar. Og så har dei, ikkje minst, fått utgifter til barnehage og SFO.

Vi veit at SFO er ein viktig arena i det sosiale livet til små barn. No fryktar eg at dei politiske prioriteringane til fleirtalet i kommunen, kombinert med småbarnsfamiliar sin tronge økonomi, gjer at mange barn blir stengde ute frå leik, læring, sosial trening og språkutvikling saman med sine vener.

Dette er ikkje ein politikk som gjev gode og trygge rammar for barna i kommunen vår. Dette vedtaket skaper det motsette.

Dessverre var Bjørnafjorden SV og Bjørnafjorden MDG heilt åleine om å meina dette. Den usosiale prisauken vart vedteken mot berre fire stemmar, dei frå MDG og SV.

Heldigvis har SV fått gjennomslag nasjonalt for gratis kjernetid for både første- og andreklassingar. Utan det grepet ville rekninga ha vorte endå større, og endå fleire foreldre ville ikkje hatt anna val enn å ta barna ut av SFO.

Eg lovar at Bjørnafjorden SV skal jobba hardt for å skru ned igjen dei lokale satsane.

Vårt mål vil alltid vera at kommunen sin svake økonomi ikkje skal ramma dei med lite mest.

Asle Olsen

Artikkelen held fram under annonsen.

Førstekandidat

Bjørnafjorden SV