DEBATT
Skuleskyss og skuleleiing ved Baldersheim skule
Spørsmål som må avklarast.
Spørsmål til politisk leiing:
Senterpartiet har dei siste dagane fått fleire telefonar frå bekymra foreldre i Søre Luten. Grunnen er skuleskyssen ved Baldersheim – og situasjonen starta allereie på fyrste skuledag.
Føresette melder at dei måtte køyra elevane sjølve til skulen, det var ingen skuleskyss frå Nordtveit (?)
Først måndag ettermiddag, kl.14.55, kom melding frå skulesjefen om at barna måtte setja seg på buss frå Baldersheim skule til Hjartåker, for deretter å køyra tilbake, passera skulen på nytt og vidare til Sævareid.
Elevane som skal til Sævareid kan ikkje venta på skulen, på grunn av manglande tilsyn. Resultatet er ei urimeleg lang reise for små barn, og det blir i praksis bussjåføren som får det fulle ansvaret for barna denne tida.
Foreldra spør med rette: Kor lenge skal dette opplegget vara? Og kvifor har dei fått så lite informasjon? Kva skjer om tilsette vert sjuke?
Det skjer mykje bra i området no, og det skal vi glede oss over. Det er viktig at kommunen klarar å støtta opp om det gode arbeidet. Då er skulen og barnehage-tilbodet svært viktig.
Difor stiller vi spørsmålet: Har politisk leiing nok merksemd og fokus på dei utfordringane som foreldre og barn faktisk står i ved Baldersheim barneskule? Kva skjer til dømes med rekruttering av ny rektor?
Det er ikkje vanskeleg å forstå at føresette no er uroa og har mange spørsmål, skulestart er ei krevjande tid for mange.
Senterpartiet meiner at både barn og foreldre fortenar klåre svar – og ei løysing på skuleskyssen og skulekvardagen.