Må ikkje øydeleggja: Kortsiktige mål om å redusera investeringsnivået i kommunen må ikkje øydeleggja for dei gode og langsiktige løysingane.

Baronsgården er ikkje eigna for open omsorg

Frp kan ikkje sjå at Baronsgården er eigna som base for open omsorg. Dette er ei bilbasert teneste som ikkje bør lokaliserast i kjernen av kommunesenteret Osøyro.

Det er heller ikkje positivt for Liv på Øyro, og ei dårleg løysning for tilsette i open omsorg.

Lokaliseringa av open omsorg er del av kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for Bjørnafjorden kommune 2021. Her føreslår kommunedirektøren ny lokalisering for fleire tenester som i utgangspunktet var planlagt i den gamle delen av Os sjukeheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2019 la ei arbeidsgruppe fram ein samla plan for ombygging av Os sjukeheim til helsehus. Her skulle det inn ny hjelpemiddelsentral, base for open omsorg (heimesjukepleie, heimehjelp), PU-bustader, rullerande tryggleiksplassar for eldre og kontor for førebyggjande helsetenester.

Leige og p-plassar: I Baronsgården er det føresett ei husleige på 2,5 mill kr pr år. I tillegg vil open omsorg leggje beslag på ein stor del av parkeringsplassane som kjem under grusbanen ved Os ungdomsskule.

Anbodsprosessen for prosjektet vart mellombels stoppa i vår, og i august fremja administrasjonen framlegg om alternativ lokalisering av desse tenestene.

I budsjettframlegget for 2021 er dette konkretisert slik;

- Nybygg for hjelpemiddelsentral v/parkeringsplassen på Luranetunet

- Open omsorg får base i Baronsgården i leide lokale

- Førebyggjande helsetenester skal leggjast til Os Idrettspark Kuventræ

- Nytt bufellesskap for psykisk utviklingshemma vert foreslått lagt til barnehagetomta v/Søfteland skule

Frp saknar ei nærare utgreiing av dei ulike alternativa, og ei samanstilling av konsekvensane for økonomi, tilsette og brukarar av tenestene. Kommunestyrer bestilte ei slik utgreiing i august, men denne ligg ikkje som del av budsjettframlegget for 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

I praksis vurderer Frp at vi no har tre alternativ;

1. Opprinneleg plan med samlokalisering i Os sjukeheim

2. Kommunedirektøren sitt framlegg i budsjett 2021 (som skissert ovanfor)

3. Kommunedirektøren sitt framlegg i budsjett 2021, men justert slik at open omsorg vert lokalisert i eit nybygg på Luranetunet saman med hjelpemiddelsentralen. Då kan evt. også førebyggjande helsetenester lokaliserast der. I tillegg bør ein vurdera om dei gamle barnehagetomtene på Søfteland eller Nore Neset er betre eigna for bufellesskap for psykisk utviklingshemma.

For Frp framstår nybygg på Luranetunet som det klart beste alternativet for open omsorg. Her er det god parkering, og ein har nærleik til dei andre omsorgstenestene. I Baronsgården er det føresett ei husleige på 2,5 mill kr pr år. I tillegg vil open omsorg leggje beslag på ein stor del av parkeringsplassane som kjem under grusbanen ved Os ungdomsskule. For leigekostnaden i Baronsgården kan kommunen openbart dekkja kapitalkostnaden for eit solid og framtidsretta nybygg for helse- og omsorgstenestene på Lurane.

Om ein går for ei slik løysing, kan den gamle sjukeheimen i eit litt lenger perspektiv rustast opp og nyttast til nye sjukeheimsplassar. Frp har ved fleire høve tatt til orde for at vi i løpet av få år må byggja fleire heildøgns omsorgsplassar i Bjørnafjorden for å møta auka behov framover, og for tida har staten gode tilskotsordningar for slike prosjekt.

I formannskapet sin budsjettkonferanse 3.-4.november vart det klargjort at administrasjonen skal leggja fram ei nærare analyse av alternativa 1., 2. og 3. ovanfor. Frp legg til grunn at tilsette, tillitsvalde og brukargrupper vert involverte i dette arbeidet.

Vi vonar at det politiske miljøet i Bjørnafjorden no tenkjer langsiktig, og at vi finn gode og framtidsretta løysingar for desse viktige helse- og omsorgstenestene. Kortsiktige mål om å redusera investeringsnivået i kommunen må ikkje øydeleggja for dei gode og langsiktige løysingane. Det kostar også å leiga areal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes

Laila Reiertsen

Bjørnafjorden Frp