Bjørnafjorden er alltid ein JA-kommune

Kritikk: For å koma gamal og dårleg kritikk i forkant: Miljøpartiet Dei Grøne respekterer eigedomsretten. Det har vi alltid gjort og det vil vi alltid gjera.

Framstegspartiet nektar å gje slepp på partytrikset sitt, nemleg å kuppa ordet JA.

Dette har dei halde på med i så mange år at dei no verkar å tru at dei eig definisjonsretten til JA.

Realiteten er at ja til noko som regel er nei til noko anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den ekstreme arealliberalismen som Framstegspartiet står for er nemleg å seie NEI til mykje viktig og verdifullt.

For oss i Miljøpartiet Dei Grøne, som sjølvsagt er eit JA-parti, er følgjande nokre viktige tema i arealpolitikken:

* JA til bevaring av strandsona

Sterk privatisering av strandsona er eit ran av vår felles natur. All nedbygging går på eit eller anna vis ut over dei artane som bur der frå før.

* JA til hundremeterskogen

Alle born i Bjørnafjorden fortener ein nærskog. Framstegspartiet vegrar seg veldig for å stilla krav om god bu- og livskvalitet til utbyggarane.

* JA til bevaring av matjord

Nok og god matjord er viktig for mellom anna busetnad, beredskap og gode arbeidsplassar i jordbruket. Flytting av matjord, som Frp er glad i, gjev dokumentert dårlegare kvalitet og skal etter jordlova difor berre vera ei naudløysing, ikkje ei universalløysing.

Artikkelen held fram under annonsen.

* JA til mindre pendling og tidsklemme

Under pandemien fekk fleire betre tid, noko mange sette pris på. Er det nokon som drøymer om å bruka ein time meir på pendling? I følge Frp er det eit godt argument for Hordfast; at vi skal pendla endå lenger.

* JA til fleire og betre leikeplassar

Leikeplassar er noko som må prioriterast. Det er eit magisk tiltak som gjev folkehelse og glede for både borna og foreldra. Kommunen må stilla klare krav til leikeplasskvalitet så vi ikkje blir avspist med ein tom grusplass i nye bustadområde .

* JA til å ta vare på næringsliv, barnehagar, skular og bustader

Katastrofeprosjektet Hordfast ligg an til å rasera heile Kuventræ-krinsen med ei motorvegskjering som øydelegg fleire barnehagar, ei rekkje bustader, ein av dei beste vidaregåande skulane i landet, generasjonsverksemder og sentralidrettsanlegget som vi har brukt hundrevis av millionar på å utvikla. Frp ser ikkje ut til å ha problem med desse særs alvorlege konsekvensane.

* JA til ny bustadutvikling

Framstegspartiet er glad i å påstå at verdiar forsvinn om ein endrar farge i arealplanen. Sanninga er at mange av desse områda aldri vil kunne realiserast og verdiane ikkje eigentleg finst. Dei blokkerer derimot for nye og betre utbyggingsprosjekt som kan realiserast med stor verdi for næringslivet, grunneigar og samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

* JA til å ta vare på naturen

Bjørnafjorden endar på ein stakkarsleg 235. plass når Sabima vurderer kor godt kommunane tar vare på naturen. Arealpolitikk, og spesielt Frp sin variant, er viktige årsaker til dette.

* JA til klimasmart utbygging

Vi landar på 217. plass i klimakutt. Her spelar arealpolitikk ei viktig rolle for framtida.

* JA til verna vassdrag og natur

Varig verna vassdrag skal vera varig verna. Fleire blå parti tar til orde for å fjerna vern og bygga ut ny vasskraft. Dette er svært destruktive naturinngrep. Lokalt har vi ei viktig lakseelv og viktige førekomstar av kritisk truga artar.

Denne lista kunne vore mykje lenger. Som de ser er det MDG som er JA-partiet i kommunen. Til liks med alle dei andre partia i kommunestyret.

For å koma gamal og dårleg kritikk i forkant: Miljøpartiet Dei Grøne respekterer eigedomsretten. Det har vi alltid gjort og det vil vi alltid gjera. Samstundes tar vi seriøst det ansvaret kommunestyret har for å sikra klok samfunnsutvikling. Fargane i arealplankartet er det nemleg alle innbyggarane som eig, uansett kven som er grunneigar. Fargane seier noko om kva samfunnet har bruk for, ikkje einsidig kva grunneigar ønskjer seg. Dette krev klokskap, og vekting av ulike omsyn. Denne balansen manglar Framstegspartiet, og det har så langt kosta oss som lokalsamfunn, grunneigarar, næringslivet og naturen dyrt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne

Gruppeleiar og nestleiar i PBU