Nils Ove Lauvik: N/A

Bjørnafjorden INP kommer ikkje til å stemma blankt i val av ordførar

Vi har desse kriteria for kven vi vil samarbeida med.

Vi vil, som et minimum, IKKJE samarbeide med parti som:

- er for vindkraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

- som vil ha eigedomsskatt på primære bustader eller fritidseigedomar.

- som vil redusere tilbod til de eldre.

- som vil legge ned skular og barnehagar.

Vi vil jobbe for at vegbygging skal over på statsbudsjettet. Vi er no heilt innestengde av bompengar. Vi vil også jobbe for å få gratis ferjer til alle. Ferjene skal vere ein del av vegnettet.

Vi ønsker å føre ein landbrukspolitikk som stimulerer landbrukets næringsverksemd til utvikling, økt rekruttering, økt sysselsettingsgrad og dermed sikre økt sjølvforsyningsgrad og busetting i bygdene.

Vi seier NEI til vindkraft både på hav og land vi vil heller oppgradere vasskrafta og utgreie moglegheita for kjernekraftverk.

Det som er aller mest meiningslaust i Noreg i dag, er den energipolitikken som vert førd. Vi meiner vi må tenke konsekvens først. INP ønsker å stoppe meiningslause tiltak som går ut over vanlege folks økonomi eller naturen og dette skal gjenspeglast i den lokale politikken.

Det er ganske interessant å lese at kommunen vår har som mål å "stoppa klimaendringane", vera fossilfri innan 2030 og gjera det enkelt og trygt å køyre "utsleppsfritt": «Ved fjorden kan innbyggarane dyrka både badeliv og "utsleppsfritt" båtliv. Visjon, overordna mål og strategiar blir forankra i denne planen, og gjennom arbeidet med klima-, miljø- og energiplanen skal kommunen arbeide vidare med visjonen og med tiltak for å nå denne»

Artikkelen held fram under annonsen.

INP meiner at visjonen bør vere å ta vare på innbyggarane i kommunen, spesielt dei som har minst, dei som veks opp og dei som er eldst.

Bjørnafjorden er i ein alvorleg økonomisk situasjon, og må kutte med over 150 millionar i utgifter dei komande åra. Det blei bestilt ein rapport frå konsulentselskapet PWC, som fekk i oppdrag å sjå på korleis kostnadene kan kuttast i kommunen. Det skal kuttastr store beløp i helse, omsorg og oppvekst.

Vi i INP erkjenner at det blir lagt strenge føringar frå Stortinget og regjering med tanke på klimatiltak i kommune-Noreg og at det vert stilt krav til kommunane om å ha ein plan for dette.

Det "grøne skiftet" begynte som ein haldningskampanje der vi skulle bevisstgjere konsekvensar av å grise til miljøet rundt oss med skadelege utslepp frå fabrikkar og plast og søppel i naturen.

I dag handlar det grøne skiftet om å "endra" klimatrenden på jorda ved å redusere CO2-utslepp.

Ein kan seia og meina kva ein vil om fornybar energi, men per i dag finst det ikkje, med mindre ein ser heilt bort frå korleis desse blir produsert, plassert, transportert, montert og korleis dei blir destruert.

Ved å la verre å legge ved eit frå "vogge til grav"-rekneskap inkludert det ovanståande og legge inn utsleppløyve, vil vi aldri lukkast med å gjere kloden til ein betre stad å vere for framtidas generasjonar.

Industri- og næringspartiet er eit parti som tar ansvar og konsekvensar på største alvor. Vi kan ikkje og vil ikkje stå stille og sjå på at det vert løyvd milliardar av skattekroner berre ordet klima, fornybart eller berekraft er nemnt meir enn tre gonger i søknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Offentlege midlar som skal delast ut har i alle år hatt strenge krav som blant anna ein forretningsplan. Det såkalla grøne skiftets lobbyistar har på ein snodig måte klart å få statlege midlar ved å selje diverse luftslott utan krav til eit frå "vogge til grav"-rekneskap, med transparent selskapsstruktur, ein forretningsplan som i det minste identifiserer kundemassen og korleis dei skal leve etter subsidier.

Vi i INP vil ta ned klimasatsinga, ta ein fot i bakken og krevje betre dokumentasjon på at dei mange tilsynelatande velmeinande, industrielle klimatiltaka verkeleg har effekt i den andre enden. Det er blitt alt for lett å hoppe over miljøet og satse på klima i staden. Derfor har vi i INP tatt opp hansken og vil jobbe for å betre miljøet.

Alle land kan gjera noko for å få ein betre klode. Norge som kystnasjon har tradisjon og alle føresetnader for å ta ei leiande rolle for miljøet og då særleg ta vare på havet og det som gror og lever der.

Målet for byområda er at klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy skal reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykling og gange. Dette kallast for nullvekstmålet.

Bjørnafjorden kommune består for det meste av bygder og grender. Mange har vore med og kjempe for å behalde nærbutikken, posten, lokal skole osv. Vil Bjørnafjordens ambisiøse mål føre til ein ny kamp om retten til å bu der vi bur?

Nils Ove Lauvik

Leiar

Bjørnafjorden INP