Eg trur dei fleste skjønar, at å sy saman Os og Fusa til éin kommune ville kosta både økonomisk og ikkje minst kjenslemessig.

DEBATT

Bjørnafjordingar, kvifor slik støy og uro i kommunen vår?

Kontrasten mellom politiske omkampar og gladmeldingar i lokalpressa om dugnadsinnsatsen i idrettslag og bygdelag er stor for tida.



Er Bjømafjorden Kommune "liv laga"? Kvifor så mykje uro og "politisk støy" etter kommunesamanslåinga? Stolar vi ikkje på kommuneadministrasjonen og politikarane våre?

Eg trur dei fleste skjønar, at å sy saman Os og Fusa til éin kommune ville kosta både økonomisk og ikkje minst kjenslemessig. Kommunestyret og administrasjonen ville få ei nesten umogeleg oppgåve, der dei skulle prioritera i plan og budsjettarbeidet: Kva vi ha, og kva er kjekt å ha?

Reformar kjem og går. Bjømafjorden kommune har vare gjennom fleire sidan samanslåinga. Store endringar for ein del grunnskular, reformar i eldreomsorga og utbygging og sentralisering i to kommunesenter.

Dette skaper mykje støy.

Kvifor? Klarar vi ikkje å sjå heilskapen? Tenkjer vi egoistisk? Gløymer vi kommuneøkonomien? Stranda desse reformane på personlege meiningar?

Mine tankar om dette er at grupper og bygdelag ikkje klarar å sjå heilskapen og demokratiet i kommunen vår.

Det første eg merka meg, var motstanden mot den nye skulestrukturen. Der seks bameskular burde leggjast ned og slåast saman med andre til større skular.

Då vakna bygdefolket. Sterke og negative meiningar om småborn og skuleskyss. Overføring til større miljø og tap av bygdas samlingsstad gav protestar, og berre to skular blei overførte til andre.

Eg veit ikkje om det var stor økonomisk vinning i dette, men eg vil tru at skulepolitiske fagfolk ser andre fordelar ved større skular enn dei reint økonomiske.

Det er ikkje noko nytt at skuleborn i heile landet må ta skulebussen, og småborn tilpassar seg oftast lett i nytt miljø. Der eit breiare fagleg lærarmiljø òg er ein plussfaktor.

Det tomme skulehuset som er bygdas samlingsplass, kan kanskje brukast som ein kulturell og sosial samlingsstad? Og driftast på bygdedugnad?

Så ser det ut til at politi, brann og legevakt har funne sine plassar i kommunen, etter mange og sterke protestar. Bra!

I desse dagar er det eldretenesta og sjukeheimane i kommunen som uroar mange, og nye protestar kjem frå grupper og enkeltpersonar. Gjeme mot helsefagfolk, tillitsvalgte og administrasjonen i kommunen.

No må Bjømafjorden kommune ta høgde for den mykje omtala eldrebølgja. Korleis kan eldreomsorga driftast ut frå dagens økonomi, sjukeheimsplassar og heimebasert hjelp?

Eg håpar kommunen vil halda ein del folkemøte, og orientera alle som no er uroa om dette temaet. Til no er vi informerte gjennom lokalpressa, at sjukeheimane våre må omorganiserast og drivast på ein meir forsvarleg måte både økonomisk og fagleg medisinsk.

Forstår eg dette rett har kommuneadministrasjonen saman med helsefagfolk og tillitsvalgte i kommunen no utarbeidd ein ny plan for sjukeheimane og eldreomsorga. Når denne planen kjem til politisk debatt og eventuelt godkjenning, treng vi ikkje fleire omkampar. Blir den nye planen godkjent politisk, ja, då bør dei som skal utføra jobben, helsearbeidarane i kommunen gjera sitt beste, og ikkje sjå på dei som jobbar på andre sida av fjorden som konkurrenter.

Vi bør alle hugsa på at politikarane våre har små økonomiske "musklar'' for tida, og eg vil visa til den grundige kronikken i lokalpressa vi fekk frå kommunedirektøren om dette.

Til slutt minner eg alle bjømafjordingar om kva Kong Harald sa då han no var i Samnanger: "La oss gjøre noe med det vi faktisk kan påvirke, som å skape gode hverdager for oss selv og dem rundt oss. Rekke opp hånden og bidra der vi kan. Skape fine fellesopplevelser, og ta godt vare på hverandre".

Hans Ingebrigtsen

Powered by Labrador CMS