Synfaring, hotelltomta, planutvalet, PBM, Kolabakkane, Knut Natvik, Foreninga Midtskogen vel
Som gamal lærar veit eg at det ikkje berre er gamle mennske som kan ha vanskar med å ta seg fram i den kommunale jungelen.

DEBATT

Borga på Osøyro

Prøver de å minimalisera kontakten med publikum?

Dette skriv eg som privatperson ikkje som nyoppstanden politikar eller leiar av Foreninga Midtskogen vel. 

Dette innlegget og dei tre neste som kjem, har eg likevel bedt andre om å lesa igjennom for å høyra kva dei synes om innlegget. Det er viktig å vera ærleg og open for andre sine tankar og innspel.

Borga

På Osøyro ligg det eit fint rådhus der det meste av Bjørnefjorden kommune sin administrasjon held til saman med den politiske leiinga i kommunen. Mange av oss treng til tider ha kontakt med dette huset. Men det er ikkje alltid lett - opplever vi.

Eg skjønar at det i våre dagar er naudsynt med sikkerheitsrutinar for at det ikkje skal sleppa inn folk med skumle hensiktar. Det finnes folk som vil hevna seg fordi kommunen ikkje vil gjera det dei ynskjer. 

Men det må vel vera mogleg å ha betjening på plass ved inngangen inn til huset heile veka? 

Det var det for ikkje så mange år sidan. Folk som kunne svara på enkle spørsmål om korleis ein tar seg fram i den administrative jungelen mens dei ellers gjorde nyttig arbeid for kommunen.

Sentralbordet er til tider stengt

Men ikkje berre det. Det er heller ikkje mogleg å få svar over eit sentralbord på dagtid heile veka. Skal ein spørja om noko når sentralbordet til tider er stengd på dagtid, må ein veta kven ein skal spørja og telefonnummeret til den det gjeld. 

Er du datakunnig klarar du kanskje å finna desse opplysningane til Bjørnefjorden kommune på nettet. 

Ein kan med rette, synest eg, stilla spørsmålet – prøver de å minimalisera kontakten med publikum?

Som gamal lærar veit eg at det ikkje berre er gamle menneske som kan ha vanskar med å ta seg fram i den kommunale jungelen. Det er også mange yngre menneske som har vanskar med å handtera datamaskiner. Då blir verda innfløkt når det skal vera så vanskeleg å få direkte hjelp.

 Knut Natvik

Powered by Labrador CMS