DEBATT

Det ligg ei bygd mellom glas og betong

— Flott utsikt frå toppetasjen, seier dei. Osingane har engasjert seg og ber dei folkevalde bruka toppetasjen.

Er det med slike dimensjonar Frp, Høgre, INP og KrF vil  byggja nytt hotell på Osøyro?

Etter at alle kyndige instansar har råda kommunen frå dette svært inngripande prosjektet, påstår kommunaldirektøren at dette vil gje innbyggarane ei betre folkehelse.

Dette er ikkje anna enn frekkheitas nådegåve! Skal 40 høgdemeter glas og betong, med 200 hotellrom, styrka helsa og livskvaliteten til lokalsamfunnet?

Osøyro har naturgjevne kvalitetar som ut i frå all forsking styrkar folkehelsa, og det er dette som må vera ramma for sentrumsutviklinga, både med omsyn til innbyggarane og tilreisande.

Eg ber Bjørnafjorden Høgre om å tenkja større, ikkje i volum, men korleis ein driv eit politisk handverk. Sjå til søsterpartiet Oslo Høgre!

Sitat frå nettsida til Oslo Høyre: Det er viktig at alle som bor i nærmiljøet, er kjent med konsekvensene av et byutviklingsprosjekt. Da er det grunnleggende å ha gode demokratiske medvirkningsprosesser for de som er berørt av utviklingen. Vi ønsker å inkludere innbyggerne på en enda bedre måte når byggeprosjekter skal avgjøres.

Lytta til folket!

Truda Lunde

Powered by Labrador CMS