God stad: I ei tid der ein snakkar mykje om at ein må finne ut kven ein er og bli trygg på seg sjølv, kan slike skular vere ein god stad for mange elevar å komme til.

Dramatisk kutt på 4,3 millionar for Kongshaug Musikkgymnas

Det Tonje Brenna gløymer, er at skule handlar om meir enn berre faga og det du lærer på skulen, det handlar òg om miljøet.

I statsbudsjettet som regjeringa la fram 6. oktober var det vist eit stramare budsjett ein vi nordmenn er vane med. Likevel tykkjer vi i Vestland KrF at nokre av kutta er meir politisk og ideologisk enn økonomisk motivert. Det var gjennomgåande kutt i løyvingar til bibelskular og friskular, og Tonje Brenna har sjølv uttalt at ho vil «gjere den offentlege skulen så variert og interessant at alle opplever den som det naturlege førstevalet».

Les også
Sjokkert over kutt i statsbudsjettet: — Det er skummelt
Les også
Dei som kjempar for ein friskule

Det Tonje Brenna gløymer, er at skule handlar om meir enn berre faga og det du lærer på skulen, det handlar òg om miljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å ta eit konkret døme: Éin av skulane som har vorte ramma av kutt i dette budsjettet er Kongshaug Musikkgymnas, som ligg i Bjørnafjorden kommune. På papiret er ikkje Kongshaug Musikkgymnas så ulik andre musikklinjer. I praksis er det likevel nokre skilnader.

For å gå på ein offentleg musikklinje må mange elevar flytte på hybel. Det er det ikkje alle elevar som har lyst til. Det er heller ikkje alle foreldre som ynskjer eller trur at deira born er modne for å flytte på hybel når dei er 15-16 år. Då vil dei heller at barnet flyttar til ein internatskule, som Kongshaug Musikkgymnas. Skulen skaper trygge rammer for eleven og kan vere ein mjuk overgang til studentlivet seinare.

Ein anna faktor som skil Kongshaug Musikkgymnas frå ei vanleg musikklinje, er at det er ein kristen privatskule. Det inneber at det er andakt kvar morgon og at det vil vere møte med kristent innhald på skulen om kvelden som elevane kan gå på.

For nokre elevar vil nettopp det at ein skule er kristen (har kristen formålsparagraf), vere ein grunn til at dei har søkt seg dit. I ei tid der ein snakkar mykje om at ein må finne ut kven ein er og bli trygg på seg sjølv, kan slike skular vere ein god stad for mange elevar å komme til.

Uansett kor godt ein jobbar, som Tonje Brenna uttala, for å gjere den offentlege skulen så variert og interessant at alle opplever den som det naturlege førstevalet», vil det alltid vere nokon som har behov for å velje annleis.

Nokre har blitt mobba på ungdomsskulen og treng å komme i eit nytt miljø. Nokre ynskjer å gå på ein kristen skule og ikkje lenger vere «den einaste kristne i klassen», medan andre berre tykkjer det høyrest spennande ut å skulle gå på ein internatskule.

I KrF er vi opptekne av menneskeverdet. KrF skal «arbeide for eit samfunn med plass til alle, og med rom for mangfold og annerledeshet». I praktisk politikk i denne saka betyr det at vi skal jobbe for at det er rom for desse annleis-skulane, som tilbyr noko til dei elevane som ynskjer eller har behov for å velje noko anna enn den offentlege skulen.

Om kuttet til Kongshaug Musikkgymnas blir vedtatt, vil skulen få 4,3 millionar mindre i statstilskot, som tilsvarer 18 % av det totale tilskotet. Det vil føre til at skulen ikkje kan gje elevane lovpålagt undervisning etter læreplanen i musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF ber regjeringa om å stoppe dette kuttet og tilsvarande i neste års budsjett. KrF seier ja til mangfald i skuleslag.

Ingvill Kvalsnes Blom

Fylkesstyret i KrF Vestland