DEBATT

DU er demokratiet – bli ein del av makta
Det er mogleg å påverke, er ikkje det fantastisk?
Det er valår, og då kjem det alltid jamlege, formande oppmodingar: Til å stemme. Til å melde seg inn i eit parti. Dette treng vi ikkje vente med – eg startar gjerne ballet: DU er demokratiet – bli ein del av makta, meld deg inn i eit parti!
Det motsette ser vi konsekvensane av rundt omkring i verda: Makt samla på få hender.
I Noreg fungerer dette framleis godt. Etter seks år som partimedlem har eg erfart kor kort vegen er frå kvardagen i Varåsen, eller urettferdig gründerpolitikk, til at saka blir løfta på Stortinget.
Saker blir diskuterte – nokre fell, noko får gjennomslag. Og no er det slett ikkje usannsynleg at mykje av det vi har jobba for, faktisk blir politikk i neste regjeringsperiode. Det er mogleg å påverke, er ikkje det fantastisk?
I mitt livssyn skal det vere lett å utfordre, lett å skape – vanskelegare å konservere. Eg trur på initiativ, på samarbeid, på empati som berebjelke i politikken. Eg trur vi ikkje skal vere så redde for andre overtydingar – at eit mangfaldig samfunn er noko positivt. At naturen er livsgrunnlaget også i morgon. Det vart Venstre for meg. Kva trur du på?
I helga var eg delegat frå Bjørnafjorden på landsmøtet. Vi fekk gjennomslag for ein kraftfull gründerpolitikk som eg trur vil bidra til eit levande og initiativrikt samfunn. Ein politikk med respekt for at det må skapast. At gründerøkosystemet er sårbart og lite. At det er dagens gründerar som skaper morgondagens arbeidsplassar.
No håper eg du òg melder deg inn – i Raudt, Frp, eller ein stad midt imellom. Kanskje Venstre?
Kristian N. Harnes
Lokallagsleiar Bjørnafjorden Venstre
Landsmøtedelegat frå Vestland Venstre