Klima: Måndag kunne me lesa på NRK at klima no var teken inn i reknestykket frå Statens vegvesen.

Du må ta med heile reknestykket, Halleraker!

Frå å ha høg økonomisk samfunnsnytte, vart Hordfast brått ikkje lenger lønsam, nett som venta.

Måndag kunne me lesa på NRK at klima no var teken inn i reknestykket frå Statens vegvesen.

Les også
NRK: Brua ikkje lenger lønsam

Det var interessant å sjå kva som kan henda om ein tek omsyn til klimalovnadane i reknestykka. Frå å ha høg økonomisk samfunnsnytte, vart Hordfast brått ikkje lenger lønsam, nett som venta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i denne nye kunna, kan vi lesa i innlegget at Øyvind Halleraker i Hordfast AS freistar å halta fast på draumen om monsterbrua, og vel å trekkja fram utsleppa frå ferja

– Å driva ei ferje gjennom vatnet er svært energikrevjande. Også om ho skal gå på straum, seier han.

Les også
«Fake-news» om Hordfast

Lat oss no sjå litt på denne påstanden. I ein rapport om fergja over Sognefjorden (Ampera), kan me finne fylgjande sitat:

«Fergen Ampere tar 120 biler og 360 passasjerer. På strekningen over Sognefjorden fra Lavik til Oppedal er det 3,5 nautiske mil som den seiler i 11 knop. På denne strekningen er det beregnet at energibruken vil være 155 kWh.»

Utan ferga måtte dei 120 bilane køyrd for eiga maskin dei 6,5 kilometerane. Ein vanleg elektrisk bil i dag bruker om lag 0,15 kWh/km. Då vert energibruken til 120 biler i 6,5 km på 117 kWh, så ja utsleppa frå ferga er i dette reknestykket noko mindre enn bilane ho fraktar, men skilnaden er ikkje meir enn om lag 30 %.

Med større ferjer og lengre ferjestrekningar (som over Bjørnafjorden), vil det same reknestykket fort gå i favør til ferga. På toppen av dette kjem karbonutslepp i byggefasen, og rasert natur.

Dei to sistnemnde effektane var ikkje med i det nye reknestykket frå SVV

Håkon Kvåle Gissinger

Artikkelen held fram under annonsen.

Utflytta Osing

Nestleiar

Malvik SV