Bratt og krevjande: Innsendaren meiner det er langt større utfordringar med FV 48 langs Skogeidvatnet, enn Fusavegen. – Strekninga er for smal og, i motsetnad til Fusavegen, svært bratt og krevjande, skriv Sven Ole Tveit.

Ein annan gjennomgangsveg må prioriterast før Fusavegen

Strekninga er for smal og, i motsetnad til Fusavegen, svært bratt og krevjande.

Me har mange dårlege vegar i Fusa-delen av Bjørnafjorden kommune. Dei fleste kan vel vera einig i at Fusavegen mellom Eikeland og anlegget til Bolaks på Lambaneset bør utbetrast, det same gjeld strekninga mellom Flulia og krysset på Fusa.

Det er likevel ein annan gjennomgangsveg som må prioriterast, og det er strekninga mellom Kilen og Bjørndalsåsen. Denne strekninga er for smal og i motsetnad til Fusavegen, svært bratt og krevjande, spesielt for tungtrafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hans Arvid Austestad har køyrd lastebil sidan han var tjue. — Heile livet har me kjempa mot dårlege vegar
Les også
– Generelt sett er standarden på FV 552 god

Betongkanten som vart støypt for nokre år sidan, har fått mykje kritikk fordi han gjer vegen smalare, men var naudsynt på grunn av dei låge støypekantane som var der frå før. Dette er vel den vegen som har mest trafikk i denne delen av kommunen, og aller helst skulle det vore veg med gul stripe frå Gjermundshamn til Bjørndalsåsen, slik at det var gul stripe på vegen like til Tysse.

Vil tru at politikarane og andre samarbeidspartnarar jobbar med denne strekninga i lag med fylkeskommunen. Det er som sagt mange andre vegar som òg skulle vore utbetra i denne delen av kommunen, men der er det mindre trafikk, og dersom fylkeskommunen hadde løyv meir pengar til asfaltering, hadde det hjelpt på, det òg. Det nærmar seg valår igjen.

Sven Ole Tveit

Pensjonist

Les også
– Kommunen må jobba knallhardt for å få på plass eit forskotteringsprosjekt
Les også
Meiner prioriteringane har vore rett. Ønskjer seg meir pengar til utbetring av fylkesvegar