Fastare grep: Bjørnafjorden Venstre ønskjer at dei folkevalde tar eit fastare grep på styringa av utviklinga i kommunen.

Ein tek ikkje styring frå baksetet eller med berre éi hand på rattet

Søre Neset er dermed utan samanlikning den største krinsen utan daglegvarebutikk i kommunen vår.

Kommunestyret i Bjørnafjorden har opna opp for at det kan etablerast endå ein daglegvarebutikk på Moberg. Her får vi truleg ein Rema-butikk berre eit steinkast frå Kiwi sin butikk. Det vart fleirtal for dette etter ein ganske intens diskusjon både i lokalpressa og i kommunestyret. Bjørnafjorden Venstre stiller seg undrande til vedtaket. Resultatet er unødvendig nedbygging av jordbruksareal.

Kommuneadministrasjonen og dei folkevalde må no ta styring med næringsutviklinga i kommunen. Det trengs grundig funderte planar og planane må følgjast opp. Det første spørsmålet som må stillast, er om vi treng fleire daglegvarebutikkar i kommunen. Det andre er i så fall: Kor i bygda bør nye butikkar lokaliserast?

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er daglegvarebutikkane i Os-delen av kommunen i hovudsak lokalisert frå Moberg via Osøyro og Flåten til Søfteland. I tillegg har vi butikkar på Hagavik, i Øyane og Lysefjorden og på Grindevoll. Søre Neset er dermed utan samanlikning den største krinsen utan daglegvarebutikk i kommunen vår. Her har det vore planar om ny butikk på Halhjem, utan at den har blitt realisert. Konsekvensen er at dei som bur på Søre Neset, må bruka bil eller buss for å gjera dei daglege innkjøpa sine.

Med endå ein butikk på Moberg vert det økonomiske grunnlaget for ein butikk på Halhjem svekt. Det er folketalet og ikkje talet på butikkar som avgjer omsetning innan daglegvarehandelen. Endå ein butikk på Moberg fører dermed ikkje til større omsetning. Argumentet om fleire arbeidsplassar i daglegvaresektoren er villeiande, og nedbygging av jordbruksareal på Moberg, er tufta på sviktande premissar.

Bjørnafjorden Venstre ønskjer at dei folkevalde tar eit fastare grep på styringa av utviklinga i kommunen. Alle bør vera medvetne kva nedbygging av natur og matjord kostar samfunnet.

Venstre arbeider for at alle kommunar skal utarbeida arealregnskap som viser dette, og at naturinngrep skal kompenserast med at like store areal vert tilbakeført.

Sveinung StenslettenEgil Haugland