Blir stoppa: Grøn industri blir stoppa til fordel for forlenginga av fossil industri.

Elektrifisering av sokkelen i Bakvendtland

Er dette noko me treng i desse tider?

Aker BP og Equinor, les me i avisa 4. januar, har søkt Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om løyve for bygging og drift av nytt landstraumanlegg frå Samnanger transformatorstasjon til oljefelta NOA og Krafla i Nordsjøen.

Les også
Vil byggja landstraumanlegg til oljefelt i Nordsjøen - med fjordkabel gjennom Bjørnafjorden

NVE har sendt søknaden på høyring til regionale og lokale styresmakter, interesseorganisasjonar og berørte partar. Målet, får me vita, er at anlegga i Nordsjøen skal utviklast med eit minimalt karbonavtrykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal me heia på det målet? Er dette noko me treng i desse tider? La oss setje søkelyset på saken. Oljeindustrien over heile verda har ein lang tradisjon for å framstille si verksemd som utelukkande positiv, og å skjule dei negative følgjene for klodens klima.

Oljeindustrien i Noreg er ikkje eit unntak. Det blir brukt store beløp på å lage reklame som framstiller oljeindustriens rolle som ei velsigning, ja, nærast som uunnverleg for landets eksistens.

Som me no veit, har bruk av petroleum store, øydeleggjande konsekvensar. På fint kallar ein dette fenomenet for "grønvasking". Litt mindre elegant kan ein godt kalle det for "hjernevasking av befolkninga".

Eit element i denne strategien er påstanden om at den norske olja og gassen skal vere så "rein". Korleis det då? Ved å elektrifisera produksjonen på norsk sokkel kan industrien kutte klimautslepp frå norsk olje- og gassindustri som vansirar det norske klimaregnskapet. Men desse utsleppa utgjer berre 3-5% når ein ser på skaden som produktet påfører over heile dets livsløp, mens 95 -97% klimagasser vert sleppt ut ved forbrenning, for det meste utanfor Noregs grenser. Dei utsleppa er ikkje synlege på Noregs klimarekneskap.

For klimaet gjer det sjølsagt ingen forskjell når og kor klimagassane vert sleppte ut. Men for industrien er dette livsviktig: Dei MÅ kunne fortelje eventyret om "den reine norske olja/gassen" for å kunne legitimere vidare produksjon i lang tid framover. I røynda er dette mantraet om ”rein norsk olje/gass” fullstendig uvesentleg. ”Reint” blir det jo når me blir kvitt 100%, ikkje berre 5% av CO2-utsleppa.

Fylkesordførar Jon Askeland fortel i Bergens Tidende 4. januar om ein rapport som viser potensial for 22.000 nye grøne jobbar i Vestland.

«Prosjektet Grønn region Vestland har kartlagt 250 prosjekt konsentrert i 16 industriklynger, og felles for desse prosjekta er at 83 prosent av dei treng kraft. Statnett har rekna ut at det berre i bergensregionen er eit ynske om 2800 MW nytt forbruk frå innmelde prosjekt fram mot 2030. Denne straumen har me ikkje i dag, og slik går me glipp av nye industrietableringar, skriv Askeland.

Det me no risikerer er at den sterke oljelobbyen får gehør for sitt krav om å få tildelt enorme mengder elektrisitet til sitt grønnvaskingsføremål. Og at nye, verkeleg grøne bedrifter ikkje får tildelt den elektrisiteten dei treng til sin produksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grøn industri blir stoppa til fordel for forlenginga av fossil industri. Den såkalla ”klimavenlege” elektrifiseringa av sokkelen er det motsette av det me treng, og fullstendig Bakvendtland.

Bjørghild des Bouvrie

Styremedlem

Besteforeldrenes klimaaksjon

Bergen og omegn