Elendig: Då bussen kom fram til kaien, såg eg ferja forlata kaien akkurat i det eg gjekk av bussen.

Elendig korrespondanse

Eg er heilt sjokkert over kor dårleg denne ruta er planlagt.

Idag tok eg lokalbuss frå Bystasjonen i Bergen til Halhjem kai for første gong. Eg plar køyra med kystbussen når eg er på Vestlandet, men sidan eg allereie hadde ein aktiv Skyss-billett frå bybanen, tok eg lokalbussen med den same billetten.

Lokalbuss 600 skulle vera på ferjekaien 12:40, det same tidspunktet som ferja skulle gå frå Halhjem til Sandvikvåg. Då bussen kom fram til kaien, såg eg ferja forlata kaien akkurat i det eg gjekk av bussen. Dette er jo ein heilt elendig korrespondanse!

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulle jo tru at bussen køyrde i dette tidsrommet slik at det skulle klaffa med ferja. I tillegg venta bussen i tre minutt ved stoppet i Osøyro for å vera i rute. Eg er heilt sjokkert over kor dårleg denne ruta er planlagt.

Grattis til Skyss som klarar å laga ei rute som akkurat ikkje klaffar med ein margin på 40 sekund.

Herborg Sørli (23)

Student