Trygg og god: Vi har berre eitt skuleår att på Halhjem. Vi ønskjer at alle barn som bur her skal få oppleva dei åra vi har hatt, og at dei skal få gå på den trygge, gode skulen vår, som ligg midt mellom alle husa våre.

Elevane på Halhjem har ordet!

Følgjande er tankane til elevane i 4. klasse på Halhjem barneskule.

Kva er det med skulen vår som er så bra?

Alle kjenner alle på skulen vår, som gjer til at alle kan kjenna seg trygge. På skulen vår får vi møta alle lærarane gjennom THB, Trivsel på Halhjem Barneskule, der vi saman med andre barn frå alle trinn får vera med på ulike aktivitetar, til dømes uteskule, musikk, koding, og mykje meir. Det gjer at vi blir kjend med alle barna på skulen, og at vi trygt kan søkja hjelp frå alle dei vaksne når vi treng det.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Halhjem har vi ein eigen vennebenk som vi kan bruka dersom vi kjenner oss åleine. Då er det godt å bli sett og høyrt.

Halhjem har eit uteområde vi er frykteleg glade i. Vi har tilgang til ein stor skog vi kan leika i, med gapahuk, bålplass og tre fine hytter. Leikeplassen vår er heilt ny som mange bruker kvart friminutt. Her finn vi ofte fadderbarna våre, og kan leika med dei.

I fjor feira vi at skulen var 25 år. Då opna vi leikeplassen med snorklipping og tale. Det vart til og med laga ein eigen Halhjemsong for anledninga.

Vi har ein ballbinge og den store fotballbanen på Søre Neset vi kan bruka. Den er perfekt til å spela fotball og turna på. Her går mange av oss på FFO (Fotballfritidsordning). Då er det er godt med kort veg ned på banen etter ein lang skuledag.

Alle som vil kan òg frå bruka skateparken, sjølvsagt med det riktige utstyret på. Vi elskar den gode plassen vi har, der alle kan vera ute samstundes og leika på tvers av alle trinn.

Dersom skulen vår blir lagt ned, må alle barna reisa opp til Lunde. Det er ein lang reiseveg for oss som er små, og spesielt for dei yngste. Skjer dette, må mange av oss ta bussen til skulen, og det er det ikkje alle som vågar eller har lyst til. Dei største av oss kan sykla, og det er i alle fall altfor langt å gå.

Vi er veldig glad i den skulevegen vi har. Dei fleste av oss går eller syklar til skulen, og vegen vi har til og frå er det lite trafikk på. Allereie i 1. klasse var det mange av oss som gjekk heimefrå åleine eller saman med vener frå skulen. Det var ganske stas!

Vi har berre eitt skuleår att på Halhjem. Vi ønskjer at alle barn som bur her skal få oppleva dei åra vi har hatt, og at dei skal få gå på den trygge, gode skulen vår, som ligg midt mellom alle husa våre. Vi ønskjer ikkje at det fine, gule bygget vårt, der det er så mykje liv og røre, skal stå tomt. Då blir kameleoparden vår liggande her heilt åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. trinn

Halhjem barneskule