Kva med dei private skulane, Høgre?
No er det musestille frå den kanten.
Administrasjonen i Vestland fylkeskommune har lagt fram forslag til tilbodsstruktur i den vidaregåande skulen for dei neste 10 åra. Det har vore opne høyringsmøte i dei ulike regionane i fylket og alle som har ei meining eller innspel kan sende dei inn til fylkeskommunen innan 20. mai.
Nedgang i elevtal, behova til nærings- og arbeidsliv og elevane sine endra utdanningsynske gjer det nødvendig å vurdere tilboda på dei 42 vidaregåande skulane i Vestland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spesielt påverkar nedgangen i tal ungdomar mellom 16 og 20 år økonomien i fylket negativt.
I administrasjonen sitt forslag, som no er på høyring, er det lagt opp til sentralisering og samling av viktige tilbod i Bergen.
Det betyr at mange elevar får lang reiseveg eller vert tvinga til å flytte på hybel, det har store og alvorlege konsekvensar for mange skular, og elevane sin fridom til å velje vidareutdanning vert innskrenka.
Høgre har i innlegg i fleire aviser i Vestland gått klart ut og meint at her må det skje store endringar i tilboda ved dei vidaregåande skulane i fylket, og dei ser ut til å vere lite opptekne av konsekvensane av administrasjonen sitt forslag.
Vi vil minne Høgre om at det er nokre skular som ikkje er ein del av gjennomgangen. Det er dei private vidaregåande skulane.
På fleire høyringsmøte vart det stilt spørsmål med om kvifor det var foreslått å legge ned viktige tilbod i distrikta og auke opp i Bergen. Det er eit svært godt spørsmål, som fleire bør stille seg.
I tre periodar før 2015 styrte Høgre og Frp Hordaland fylkeskommune. På dei åra sørga desse to partia for å seie ja til så mange private vidaregåande skular i Bergen sentrum at vi sidan da har hatt ei overetablering av private, mange også kommersielle, vidaregåande skular.
Desse skulane er ikkje ein del av dette forslaget som no er på høyring, dei er ikkje ein del av administrasjonen sitt utgreiing og forslag, og det er fordi vi kan ikkje gjere noko med dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når ei privat vidaregåande skule har fått tilsegn på å etablere seg med eit definert tal klassar, har dei fått den retten for evig og alltid.
Det vert stadig snakka om likebehandling mellom det offentlege og private tilbodet i Noreg, og private aktørar har gode lobbyaktørar som roper høgt om kor urettferdig det er mellom dei offentlege tilboda og dei private alternativa, enten dette er barnehagar, skular, helse eller vidaregåande skular.
Men no, høyrer vi ingen ting. No er det musestille frå den kanten, fordi dei private vidaregåande skulane er freda i denne debatten. Dei private skulane får halde fram med akkurat same klassetal og utdanningstilbod på tross av kva næringslivet seier, kva lokalsamfunnet har behov for og uavhengig av kor mange elevar det er som skal på det totale skuletilbodet.
Det er urettferdig og også lite hensiktsmessig for samfunnsplanlegginga at ikkje alle skulane er med i denne runden. Og dette vart også påpeika frå eit fleirtal i fylkesutvalet i førre periode, men Høgre, Frp og KrF stemte imot: «Vestland fylkeskommune vil i tillegg be om at regjeringa ser på korleis ein kan inkludere skuletilbodet til dei private vidaregåande skulane i skulebruksplanane til fylkeskommunane, slik at også det private tilbodet kan endrast når demografi, næringslivets behov og elevanes ønske endrar seg, og som gjer at fylkeskommunen må endre det totale opplæringstilbodet»
For oss er det viktigaste at vi sikrar ein desentralisert skuletilbod som står seg for framtida, som gjer oss den kompetansen næringslivet vil ha og som gjer det attraktivt for våre elevar å utdanne seg på.
Skal elevane i heile fylke ha ein valfridom i utdanningsval kan ikkje alt sentraliserast, må vi sikre at fellesskapet sine midlar til vidaregåande skule vert brukte til å sikre at alle elevane i heile fylket, får oppfylt sin draum om utdanning. Då kan ikkje dei private skulane, som det er flest av i Bergen sentrum vere freda, mens alle dei offentlege skulane i distriktet må skjere ned.
Marthe Hammer
Gruppeleiar Vestland fylkesting (SV)
Artikkelen held fram under annonsen.
Marianne Sæhle
Medlem av utval for opplæring og kompetanse (SV)