Øyvind Tøsdal: N/A

Er Bjørnafjorden kommune blitt ein nei-kommune?

Det er desverre stor sprik mellom ord og gjerningar mellom politikarane.

Eg har følgd med på byggesaksbehandlinga i Os i meir enn 50 år. Det har vore vekslande politiske fleirtal og sjølvsagt ulikt syn på kva som skulle godkjennast eller ikkje godkjennast av søknader. Eit viktig prinsipp for all behandling av søknader etter Plan- og bygningslova er at denne lova er ei ja-lov. Dersom eit tiltak ikkje uttrykkeleg er ulovleg etter Plan- og bygningslova eller tilhøyrande føresegner, så skal søknaden godkjennast.

Sprik mellom ord og gjerning

Diverre ser det ut til at vi no bur i ein nei-kommune. Underteikna har alltid arbeidd for at unge familiar, einslege og eldre skulle få seg ein trygg og god heim, der dei kunne ha råd til å bu. Og ingen politikar meiner noko anna, men diverre er det stor sprik mellom ord og gjerning. Det er ikkje lett for nye politikarar å vita korleis dei skal opptre for å kunna sikra at ungdomen får råd til å kjøpa sin første heim. I ein nei-kommune er det ikkje berre kostnaden som gjer det vanskelegare, men også politiske føringar og syn på bygging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei-kommunen

Det har tidlegare vore stilt spørsmål gjennom Os & Fusaposten om kommunen no ville bli ein nei-kommune. Vi ser både av sakshandsaming og politiske vedtak i PBU, at det kan synast vanskeleg å finna positive løysingar som gjer byggeprosjekt realiserbare. Gjennom firmaet mitt, Odd Tøsdal A/S, har eg vore utbyggjar i Os i meir enn femti år. Eg har godt grunnlag for å uttala meg, og som døme vil eg trekkja fram to av mine eigne saker i møte med nei-kommunen. Begge sakene er knytte opp til gnr 44, bnr 4, Halhjem.

Positivt vedtak vert snudd

Første sak gjeld gnr 44, bnr 551, ei byggetomt som vart frådelt frå gnr 44, bnr 4 i 2007, og som både i dag og den gongen, ligg i eit område som er farga gult i arealdelen i kommuneplanen. Det vil seia at tomta ligg i eit område sett av til bustadbygging. Eigaren har tidlegare søkt om å få tomta delt i to parsellar. Fleirtalet i Plan- og bygningsutvalet sa ja til dette, men Fylkesmannen klaga på vedtaket, og saka kom ikkje vidare.

No har eigaren søkt om rammeløyve for å få byggja to einebustadar på tomta utan å søkja om deling. I møtet i Plan- og bygningsutvalet 5. mars i år sa det nye utvalet nei, sjølv om fleirtalet tidlegare i sak om deling sa ja.

Trygge arbeidsplassar som oppgåve nummer éin

No har Arbeidarpartiet også snudd frå ja til nei. Trygge arbeidsplassar for alle er oppgåve nummer ein for Arbeidarpartiet, og det er store positive ringverknader for byggebransjen i Bjørnafjorden når det er positive haldningar i byggesaker.

Korleis skal alle små og mellomstore verksemder innan byggebransjen i Bjørnafjorden kunna halda hjula i sving i ein nei-kommune? For å ha eit godt liv, er ein avhengig av ein jobb å gå til. Jobbar vert ikkje skapt av nei-haldningar.

Bustadar for unge i etableringsfasen

Unge i etableringsfasen treng ein plass å bu, og bustadane må ikkje gjerast uoppnåelege gjennom politiske vedtak som fører til auka kostnader.

Skulle til dømes hus på den omtala tomta først kunna godkjennast gjennom ein reguleringsplan, vert kostnadene så høge at det er umogleg for ein ung familie å få draumen om eigen bustad oppfylt. Her vil både tidsbruk og ein kostnad på minimum kr. 500 000,- for reguleringsplan, pluss offentlege gebyr gjera bustaden for dyr for unge i etaberingsfasen.

Krav om reguleringsplan

Eit anna døme, som gjer at eg hevdar at Bjørnafjorden no er ein nei-kommune, er ei sak i Reio på Halhjem. Her var det klart fleirtal i Plan- og bygningsutvalet om ja til frådeling av fire einebustadomter. Berre Tverrpolitisk samlingsliste og Kristeleg Folkeparti sa nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesmannen ønskte reguleringsplan for området, og det har vi tatt omsyn til og søkt om å få laga reguleringsplan for det aktuelle området, akkurat slik Fylkesmannen i Vestland ønskte. Ein meirkostnad på omlag kr. 500.000 kan forsvarast, når kostnaden kan fordelast med omlag kr. 125 000,- per bustad.

Diverre ser det ikkje ut til at det å laga reguleringsplan for det aktuelle området er godt nok for Plan- og bygningsutvalet i Bjørnafjorden. Dei stiller krav som gjer at ei utbygging i området ikkje vert mogleg, dersom prisane på bustadane skal verta akseptable.

1. Dei ønskjer at ein reguleringsplan skal omfatta eit større område, som inneheld hytteeigedommar der eigarane ikkje ønskjer å byggja ut.

Bjørnafjorden kommune kan ikkje påleggja ein privat utbyggjar å regulera på annan manns grunn.

2. Dei vil ha opprusting av den kommunale vegen i Auredalen. Det er tidlegare sagt ja til bruk av vegen i Auredalen slik han er i dag for dei fire bustadtomtene som Plan- og bygningsutvalet godkjende frådelte i 2019.

No seier Plan- og bygningsutvalet i nei-kommunen nei til regulering av det aktuelle området med fire bustadtomter, med mindre eigedomar som IKKJE skal byggjast på, også vert regulerte. Dei seier også nei til bruk av vegen i Auredalen utan at han vert rusta opp.

Resultatet av uønskte og ugjennomførbare reguleringsplanar, er at alt stoppar opp. Det vert ikkje bygging, ikkje nye heimar, og det vert ikkje arbeid for til dømes handverkarar i byggebransjen. Vidare vil nei-haldninga føra til lågare inntekter for Bjørnafjorden kommune og sjølvsagt reduserte inntekter for næringslivet i kommunen.

Spekulantar og grådige utbyggjarar

Det kan verka som det viktigaste i ein nei-kommune er å stoppa «spekulantar og grådige utbyggjarar». Diverre vart uttrykket spekulant brukt også i siste møte i Plan- og bygningsutvalet. Det er leitt at ansvarlege politikarar i maktposisjonar har eit slikt syn på seriøse utbyggjarar, som skapar både arbeid og velstand i samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg merka meg at kommunedirektøren 6. mars i Oseana, i si helsing til bjørnafjordingane, sa at Bjørnafjorden kommune skal bli verdas beste på byggesaksbehandling. Meinte han kanskje verdens beste til å finna argument for å seia NEI?

Øyvind Tøsdal