Konsekvensar: Å leggja ned skulen kan ha konsekvensar som strekkjer seg langt utover det økonomiske.

Er det til barnets beste å leggja ned Halhjem barneskule?

Det er samfunnet si plikt å gje barna ein trygg, støttande og utviklande oppvekst.

Diskusjonen kring nedlegging av skular er alltid kompleks, og når det kjem til Halhjem barneskule, er det viktig å vega alle faktorar nøye. Skulen si rolle som integrert del av nærmiljøet, bidraget til trygg og kort skuleveg, tidleg innsats, folkehelse, livsmeistring og tilrettelegging for fritidsaktivitetar, gjer det naudsynt å spørja: Er det verkeleg til barnets beste å leggja ned Halhjem barneskule?

Les også
Føreslår å leggja ned seks barneskular og to barnehagar. Dette er éin av dei.

Halhjem barneskule fungerer som ein samlingsstad i bygda vår. Han medverkar til å styrke banda mellom naboar og skapar eit fellesskap der barna våre kan veksa opp i trygge omgjevnader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen si plassering sørgjer for ein kort skuleveg, noko som er vesentleg for barnet sin tryggleik og sjølvstende. Å leggja ned skulen vil føra til at barna våre får lenger skuleveg, potensielt utsetja dei for farlege trafikkmiljø og auke foreldra si bekymring.

Les også
Om nedlegging: — Naturleg at slike forslag skaper uro

Barn i 6-10 årsalderen har avgrensa erfaring med trafikk og kan ha vanskar med å vurdera avstanden og farten til bilar som nærmar seg. Ved å leggja ned Halhjem barneskule, vil det bli ca 100 fleire elevar på busstoppet langs E39. Å stå på busstoppet langs E39 i 70 sona utgjer visse farar for barn.

Les også
— Kan du gje ei liste over kva skular som skal leggjast ned, frå først til sist?

Ved busstopp kan barn vera aktive og uforutsigbare. Dei kan springa, leika og utforska omgjevnadene. Dette aukar risikoen for at dei plutseleg kan røra seg ut i vegbanen utan å vurdera trafikken grundig.

Halhjem barneskule er ikkje berre ein læringsinstitusjon, men òg ein stad for fysisk aktivitet og folkehelse. Uteområdet på skulen er svært bra, ein finn alt frå oppgradert leikeplass, skog – med plass til alle, ballbinge, gapahuk og leikehytter.

Les også
No ber kommunen om di meining: Er det lurt å leggja ned skular og barnehagar?

Skulen sin nærmaste nabo er Søre Neset idrettslag med sitt flotte idrettsanlegg med både kunstgrasbanar, sandvolleyball og skatepark. Dette får skulen nytta heile skuledagen om dei vil.

Draumen til idrettslaget og resten i lokalsamfunnet er å byggje opp «Hallen», Søre Neset Arena. Søre Neset Arena vil gi ei rekke fordelar som ikkje berre gagnar idrettsutøvarar, men heile lokalsamfunnet. Det er ei investering i helse, trivsel og samhald. Det vil bli ein brei variasjon av fysiske aktivitetar.

Les også
Planlegg folkemøte i krinsane kort tid etter skulestart

Hallen gir ein trygg og komfortabel arena der aktivitetar kan utførast uavhengig av vêrforhold. Det vil bli ein trygg og organisert arena der barn og unge kan delta i fysiske aktivitetar og læra viktige ferdigheiter. Dette er med på å skape sunne og gode haldningar hos barn og unge frå tidleg alder.

Blir hallen realisert om det ikkje er skule på Halhjem? Kva vil skje med den fantastiske fotballfritidsordninga til idrettslaget om skulen blir lagt ned? Å leggja ned skulen kan avgrensa tilgangen til slike aktivitetar og påverka barnet si totale helse og trivsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Å verna Søre Fusa er kanskje ikkje heilt rett i den fasen vi er i no

Diskusjonen om å leggja ned ein skule bør alltid handla om barnet sitt beste. Det er samfunnet si plikt å gje barna ein trygg, støttande og utviklande oppvekst. På Halhjem barneskule finst lærarar og anna pedagogisk personale som er spesialistar på 1.-4.trinn. Det er to kontaktlærarar på kvart trinn, dei deler opp 1.trinn så sant det let seg gjera med klasserom. Dette kallar eg tidleg innsats!

Halhjem barneskule representerer ein institusjon som gjev lokalsamfunnet ein trygg, støttande og utviklande oppvekst. PWC-rapporten viser at Halhjem barneskule ikkje vil få store utslag på nedgang i elevtal i åra som kjem, tvert om er det auke i nye førsteklassingar hausten 2024-25!

Les også
Oppvekst: No finst det ingen andre innsparingstiltak enn å leggja ned skular og barnehagar

Å leggja ned skulen kan ha konsekvensar som strekkjer seg langt utover det økonomiske aspektet, og det er viktig å ta omsyn til barna sitt ve og vel.

Konklusjonen er at å leggja ned Halhjem barneskule kan ha negative implikasjonar for nærmiljøet, barna sin tryggleik, tidleg innsats, folkehelse og livsmeistring.

Les også
Spara på viskelêret

Når ein vurderer om det er til barnas beste, bør vi ikkje berre sjå på økonomiske faktorar, men òg på dei langvarige konsekvensane for barna og samfunnet dei veks opp i. Det er avgjerande å ta ansvar for barnet si framtid ved å oppretthalda og styrkja skulen som ein viktig del av nærmiljøet.

FAU

ved Henrikke Lekve Alfarnes