Draumeverd: Osingane levde i alle små og mellomstore kommunar si draumeverd.

Spara på viskelêret

Å finna dei rette tiltaka, er dei folkevalde si oppgåve og ansvar. No har dei moglegheit til å retta opp att dei siste åras dårlege avgjerder.

Då eg byrja på skulen på Kuventræ barneskule i 1989, kan eg hugsa vi fekk utdelt kladdebok, ein blyant og eit viskelêr det sto SNORRE på, med påminning om at dette måtte vi få til å vara fram til jul.

Då eg i 1995 byrja på ungdomsskulen på Os, fekk vi utlevert lærebøker der vi skulle skriva namnet vårt fremst i bøkene. Lista med tidlegare eigarar var ofte lang, og i nokon tilfelle var det faktisk foreldra våre som var nokon av dei første eigarane av same boka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ikkje snakk om sløsing med midlar. Vi vaks opp i ein kommune med dårleg økonomi, styrt av politikarar som var så redde for utvikling at dei forsøkte til og med å stogga tilflytting til kommunen med dei merkelegaste reglar for tomtekjøp. Det vart krav til at den eine parten i ekteskapet måtte vera innfødd osing osv.

Sjølv i desse tronge tidene bygde dei nye skular, og opprusta dei gamle vi hadde. Nettopp fordi det var til det beste for innbyggjarane å ha skule i nærmiljøet.

Så kom Frp til makta i Os. Ingen kan ta frå dei at dei, saman med Høgre, har stått for ei 'rasanes' utvikling av Os kommune. Ja-haldninga til nybygging og næringsliv har ført til folketalsvekst og økte inntekter for kommunen. Sal av BKK aksjar og investering i aksjefond sikra kommuneøkonomien til Os, slik at ein kunne gjera investeringar i sjukeheimar, kulturhus, skular og barnehagar. Eg trur ikkje nokon ungar fødd etter år 2000 har måtte spare på viskelêret og få blyanten til å vara eitt halvt år.

Os kommune gjekk med store gode overskot, som kunne nyttast til å betra og utvida tenestene, og til å auka investeringane i aksjefonda. Alt såg ljost ut. Slik kommunen var «rigga» for framtida, skulle det ikkje ha nokon betydning om Frp og Høgre heldt fram med makta, eller om andre parti som Ap og Sp skulle overta. Kommunen og innbyggjarane var sikra økonomisk. Osingane levde i alle små og mellomstore kommunar si draumeverd.

Så kom kommunereforma, SIO-kutt osv. Politikarane staka ut kursen, og resten er historie.

Den nye kommunen må kutta voldsomt i utgiftene og tenestene sine. Då må diverre nokon lida. Dei startar sjølvsagt med nokon av dei svakaste gruppene. Eksempelvis med tenester som ikkje er lovpålagde, men som betyr utruleg mykje for dei som får dei. Men det er ikkje nok. Så må politikarane vidare ta valet. Skal vi ta frå dei gamle, eller skal vi ta frå dei yngste? Dei gamle har ikkje så mykje igjen å få kutta i, så det er barnehagar og skular som kjem til å gå under kniven.

Då passar det jo fint at Statsforvaltaren ikkje ønsker meir utbygging i krinsane. Då gjer det jo ingenting at småskulane her hos oss i Strøno, på Halhjem og på Fusa-sida blir lagt ned. Her skal det jo ikkje bu folk i framtida uansett… eller skal det det?

Lat oss ta vare på yrande liv på skular og barnehagar i krinsane! Dei er årsaka til at folk som bur her får sosiale nettverk. Det vert bygd nye hus, gamle hus får nye eigarar og vi har idrettslag, aktivitetar og 17. mai-feiringar over heile kommunen vår. Utan desse samlingspunkta i bygdene våre blir vi mykje fattigare som samfunn enn kommunen vil bli av å drifta dei vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må større tiltak til enn å leggja ned dei minste skulane våre om denne kommunen skal koma på rett kjøl igjen. Å rasera oppvekstmiljøa i bygdene i kommunen vår, kan ikkje vera det beste alternativet!

Å finna dei rette tiltaka, er dei folkevalde si oppgåve og ansvar. No har dei moglegheit til å retta opp att dei siste åras dårlege avgjerder. Om politikarane mislukkast i dette, må kanskje ungane i barneskulen begynna å spara på viskelêret igjen, og på ungdomsskulane må dei gå i arkivet og henta fram att lærebøkene vi hadde på -90 talet. Dagens skuleborn kan då finna båe beste- og oldeforeldre sine signaturar i skulebøkene sine.

Jan Sverre Nesbø