DEBATT
Ergoterapeutar gir berekraftige helsetenester
Målet er ikkje å gjera meir for folk, men å gjera det mogleg for folk å gjera meir sjølve.
Bjørnafjorden kommune har høge ambisjonar for eit samfunn som skal vere berekraftig, inkluderande og godt å leva i, både no og i framtida.
I kommunens strategiske føringar blir førebygging, tidleg innsats, sjølvstende og samskaping løfta fram som viktige prinsipp. Nettopp desse verdiane ligg til grunn for ergoterapifaget.
I ergoterapitenesta jobbar vi kvar dag for at innbyggjarane i Bjørnafjorden skal meistrekvardagen best mogleg.
Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering betyr at vi tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt person: Å bu heime lengst mogleg, delta i samfunnet og kjenna meistring i eigne aktivitetar.
Målet er ikkje å gjera meir for folk, men å gjera det mogleg for folk å gjera meir sjølve.
Dette er heilt i tråd med kommunen si satsing på berekraftige tenester. Når vi set inn tidlege og målretta tiltak, fører det ofte til:
• Reduksjon/utsetting av behov for andre kommunale tenester
• Betre helse og auka livskvalitet
• Større tryggleik og sjølvstende for brukaren
• Meir effektiv bruk av ressursane i kommunen
• Tiltak på barnehagenivå bidreg til å minska/hindra vanskar seinare
• Auka meistring og nærvær i skulen
• Fysisk tilrettelegging lettar kvardagen for foreldre, pårørande og personell, noko som og fører til reduksjon av sjukemeldingar og at ein klarer å stå i krevjande situasjonar
Med andre ord; ergoterapi er ei framtidsretta investering. Ved å styrka funksjon og deltaking, i staden for å erstatta dei, skaper vi tenester som står støtt i ein kommune med aukande behov og fleire eldre.
I Bjørnafjorden er samskaping ein viktig del av samfunnsutviklinga. Ergoterapeutar jobbar nettopp på denne måten. Vi jobbar tett saman med innbyggjarar, pårørande og andre faggrupper for å finna løysingar som fungerer i kvardagen.
Små grep kan gi store endringar. Ein riktig tilpassa bustad, gode hjelpemiddel, trening mot eigne mål eller endringar i omgjevnader kan bety forskjellen mellom avhengigheit og sjølvstende.
For å nå måla i kommunens planverk er det nødvendig å satsa vidare på førebyggande og berekraftige helsetenester.
Vår kompetanse må brukast meir – i barnehagen, i skulen, i heimen, i samarbeidet med andre tenester – for å fremma meistring og deltaking.
Norsk Ergoterapeutforbund har lenge sagt at det må tenkast nytt ogprioriterast annleis, dersom framtidas helse- og velferdstenester skal vera berekraftige.
Det trengs eit paradigmeskifte med vektlegging av tenester som utløyser ressursane i den enkelte. Som ergoterapeutar har vi fokus på kva som er viktig for den enkelte, vi stiller spørsmålet: “Kva er viktig for deg?”
Med bakgrunn i dette, jobbar vi ut frå personen sin motivasjon og målsetting. Vi bidreg til å utløysa ressursane hos den enkelte, og dermed redusera eller utsetja behovet for andre tenester.
I Bjørnafjorden kommune har vi avgrensa med ergoterapiressursar som skal dekka områda Os og Fusa, og felta barn, unge, vaksne og eldre. I dag brukar vi mesteparten av våre ressursar på dei som er alvorleg sjuke og som har akutt behov for våre tenester.
Dei som treng våre tenester, må ofte venta lenge på oppstart/vurdering.
Ved å fremme meistring og forebygga behov for meir omfattande tenester, gir ergoterapi eit viktig økonomisk bidrag til kommunens berekraftige tenesteutvikling.
Vi håpar at politikarar og innbyggjarar ser nytta av vår kompetanse som ein viktig bidragsytar inn i framtidas berekraftige helse- og velferdsteneste i Bjørnafjorden.
Nora Elisabeth Nilsen
Tillitsvalt
Norsk Ergoterapeutforbund
Bjørnafjorden kommune