Atle Kvåle burde vita korleis det fungerer etter mange år i lokalpolitikken og fire år som ordførar.

DEBATT

Fakta Kvåle, fakta

Eg hadde faktisk forventa meir av ein tidlegare ordførar.

Mange har den siste tida engasjert seg sterkt i eit av delprosjekta knytt til Heilskapleg innsats- og bustadtrapp i Bjørnafjorden kommune - Dimensjonering av institusjonstenestene. Ein av dei engasjerte er tidlegare ordførar Atle Kvåle (Ap). Meir om det seinare.

At endringar og utvikling av tenestene i kommunen engasjerer er fullt forståeleg. Endringsarbeid er krevjande, men heilt naudsynt for å sikra gode og berekraftige tenester for framtida.

Demografiske endringar med fleire eldre, færre unge og færre i yrkesaktiv alder, utfordrar no heile kommune-Norge. Trong kommuneøkonomi og kamp om arbeidskrafta krev utvikling av tenestene både på Oppvekstområdet og Helse- og velferdsområdet.

Den heilskaplege innsats- og bustadtrappa er Bjørnafjorden kommune sitt rammeverk for å møta desse utfordringane. Kommunestyret vedtok rammeverket samrøystes i juni 2025.

Delprosjektet Dimensjonering av institusjonstenestene vart nærare definert gjennom kommunestyrevedtak av 30.10.25. Her fekk mellom anna administrasjonen fullmakt til å gjennomføra prosjektet basert på føringane i saka.

Politikarane set rammer og mål, medan detaljert organisering av tenestene, både på Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet bu- og behandlingssenter, er ei sak for våre fagfolk innan eldreomsorga.

Dette er ei heilt ordinær arbeidsdeling mellom politikk og administrasjon, slik vi kjenner det frå andre saker.

Kommunedirektøren utdjupa nyleg dei faglege vurderingane til administrasjonen i kronikken «Å ta ansvar for framtida – saman». Undervegs i prosjektet er både Tenesteutvalet, Formannskapet, Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) orientert om arbeidet.

I etterkant av kommunedirektøren sin kronikk, kom tidlegare ordførar i Fusa og no 3. varamedlem for Arbeiderpartiet i kommunestyret, Atle Kvåle (Ap), med eit heftig utspel på Facebook. Det kan ikkje stå uimotsagt.

I innlegget hevda han heilt feilaktig at eg som ordførar hadde skugga banen, og sendt kommunedirektøren i avisspaltene for å fremja mine tankar om institusjonsprosjektet. Med ein enkel telefon til kommunedirektøren eller meg hadde han fått avklart at kronikken fullt ut var kommunedirektøren sitt eige initiativ.

At ein vararepresentant til kommunestyret mistrur og trekkjer i tvil kommunedirektøren sin integritet på denne måten er alvorleg.

Kvåle hevdar vidare at «me dessverre har fått ei politisk- og administrativ leiing der sakene vert avgjort på bakrommet». Saksgangen som er referert ovanfor syner noko heilt anna. Politikarane har vedtatt rammer for prosjektet, og administrasjonen har sidan i fjor jobba med det faglege basert på tradisjonell organisering med styringsgruppe, arbeidsgrupper og deltaking frå verneombod og tillitsvalde.

Han trekkjer uforståeleg nok også inn ord som «korrupsjon», «tilgjengelege postjournalar», «klare habilitetsreglar» m.m.  i FB-posten sin – truleg for å fiska i opprørt vatn og skapa eit inntrykk av ukultur i kommunen.

Eg hadde faktisk forventa meir av ein tidlegare ordførar, som veit korleis kommunale prosessar fungerer. Eller, han burde i alle fall vita korleis det fungerer etter mange år i lokalpolitikken og fire år som ordførar.

Eg tek gjerne debatten om korleis vi skal utvikla gode og berekraftige tenester i Bjørnafjorden, men debatten må takast på eit sakleg nivå. Med respekt for kvarandre, og basert på fakta, kunnskap og innsikt. Ikkje på løgn og insinuasjonar.

Terje Søviknes (Frp)

Ordførar Bjørnafjorden kommune

 

 

Powered by Labrador CMS