Stor motstand: Det er ofte stor motstand når det blir snakk om eigedomsskatt i kommunane. Det er likevel berre småpengar mot vegskatten vi betaler på ferja.

Felles front for gratis ferjer

Ferjekostnader er ein ekstra distriktsskatt som bør bort.

Skal folk velja å bu i distrikta og næringslivet på bygda ha same rammer og føresetnader som i sentrale strøk, så må kostnadane med å ta seg fram på offentleg veg kraftig ned eller aller best bort. Her bør alle gode krefter stå saman.

Førre kommuneval vart eit opprør mot bompengar rundt byane. No treng vi eit distriktsopprør mot billettprisar på ferjene. Bompengar er gjerne ein del av finansieringa av nye veganlegg og er tidsavgrensa, mens ferjebilletten er eit bidrag til drift av ferja (= vegen over fjorden) og er evig! Kvifor må det vera slik? Kvifor kan vi ikkje sjå ferja som ein del den offentlege vegen som vi alle betaler for over skattesetelen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ap vil halvera ferjebillettprisen
Les også
Ap er uten troverdighet på fergepriser

Skal det bu folk i distrikta i Noreg må vi ha ein distriktspolitikk som verkar. Både for næringsliv og privatpersonar vil det vera viktig å få ned ekstra-kostnader som er pålagde dei som bur i distrikta gjennom samferdsle-politikken. Det kan bety betra konkurranseevne og betre privatøkonomi og det vil gjera bygdene meir attraktive både for næringsetableringar og tilflytting.

Sjølv er eg avhengig av å ta ferja på veg til jobb internt i Bjørnafjorden kommune. Med maks rabatt betaler du 66 kroner for vanleg bil og 33 kroner for elbil, per tur på sambandet Hatvik-Venjaneset. Det blir heile 29.040 kroner for vanleg bil eller 14.520 kroner for el-bil på eit fullt arbeidsår berre i ferjeutgifter.

Det er ofte stor motstand når det blir snakk om eigedomsskatt i kommunane. Det er likevel berre småpengar mot vegskatten vi betaler på ferja. Kvifor er det ikkje tilsvarande motstand og skepsis til at dei som bur i distriktet blir påført slike ekstra kostnader med å ta seg fram på offentleg veg?

Det er veldig bra at vi no får ned utsleppa i ferjeflåten. Utsleppsfrie ferjer og kysflåte må til skal vi nå naudsynte klimamål. Det blir feil om kostnadene med omlegginga i det grøne skifte blir velta over på brukarane eller på fylkeskommunen.

Nullutsleppsferjer må vera eit nasjonalt ansvar som ein del av det nasjonale klimaløftet. Vi treng både ein klima- og distriktspolitikk som verkar. Gjer felles front for utsleppsfrie og gratis ferjer som ein del av det offentleg finansierte vegnettet. Det bør vera ei fanesak inn mot valet i 2021 både for Bjørnafjorden, Vestland og heile kyst-Noreg på tvers av partigrenser.

Erik Vangsnes

Bjørnafjorden