DEBATT
Ferjekommunane ber om eit samla initiativ overfor statlege styresmakter
Etter dialog mellom fleire ferjekommunar i fylket, er det brei semje om at dagens situasjon er alvorleg.
Brev til fylkesordfører Jon Askeland
Me viser til den pågåande diskusjonen om finansieringa av ferjetilbodet i Vestland frå 2030 og åra framover.
Etter dialog mellom fleire ferjekommunar i fylket, er det brei semje om at dagens situasjon er alvorleg. Me ønskjer difor å uttrykkja vår støtte til fylkeskommunen sitt arbeid for å oppretthalde eit godt og føreseieleg ferjetilbod for innbyggjarar og næringsliv langs kysten.
Ferjene er ikkje eit supplement til vegnettet. For mange lokalsamfunn er dei sjølve vegnettet. Eit redusert tilbod vil få store konsekvensar for arbeidsmarknad, næringsutvikling, beredskap, utdanning og busetjing i store delar av Vestland.
Me registrerer at det er eit aukande gap mellom kostnadene ved det ferjetilbodet fylket ønskjer å levere og dei økonomiske rammene som er tilgjengelege. Dette er ei utfordring som fylkeskommunen ikkje kan løyse åleine.
På denne bakgrunnen vil me oppmode Vestland fylkeskommune om å ta eit samla initiativ overfor regjeringa og Stortinget for å synleggjere konsekvensane av underfinansiering av ferjesektoren, og arbeide for at dei statlege rammevilkåra i større grad tek omsyn til dei reelle kostnadene ved å oppretthalde eit forsvarleg ferjetilbod.
Me meiner dette ikkje berre handlar om samferdselspolitikk, men om distriktspolitikk, verdiskaping og likeverdige levekår. Dersom nasjonale styresmakter ønskjer levande lokalsamfunn og eit konkurransedyktig næringsliv langs kysten, må finansieringa av ferjetilbodet stå i forhold til oppgåva.
Ferjekommunane er klare til å støtte fylkeskommunen i dette arbeidet, og me ser gjerne at det blir etablert ein dialog om korleis kommunane og fylkeskommunen saman kan løfte saka inn mot sentrale styresmakter.
På denne bakgrunnen ber me om eit møte med fylkesordføraren så snart det let seg gjera, og me ser fram til ei rask tilbakemelding.
Terje Søviknes, ordførar i Bjørnafjorden
Vegard Bjørnevik, ordførar i Kvinnherad
Bente Kari Sletten Taranger, ordførar i Austevoll
Sigbjørn Framnes, ordførar i Stord
Wenche Tislevoll, ordførar i Fitjar
Ole André Klausen, ordførar i Askvoll
Tor Helge Haara Tjemsland, ordførar i Ullensvang
Erlend Kvamsdal, ordførar i Masfjorden
Morten Helland, ordførar i Bømlo
Ann Kristin Førde, ordførar i Bremanger
Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund
Morten Sognnes, ordførar i Austrheim
Mette Heidi Ekrheim, ordførar i Etne
Stian Herøy, ordførar i Fedje
Børge Haugetun, utvalsleiar i Øygarden
Synnøve Bakke, ordførar i Tysnes
Lars Fjelstad, Osterøy kommune
Torgeir Næss, Kvam herad
Roy André Stadheim, Vik kommune