Svarar: Peter-Hans de Zwarte etterlyste betre samordning mellom ferje- og bussavgangar. No har Øyvind Strømmen (innfelt) i Skyss kome med svar.

Ferjene skal også vere presise av omsyn til reisande som ikkje kjem med buss

– Hyppigare avgangar gjer at problemstillinga de Zwarte tek opp har vorte tydelegare enn før.

"Dette var mykje betre då alt var HSD, og ein tenkte samanheng i rutetilbodet", skriv Peter-Hans de Zwarte i eit lesarinnlegg i Os og Fusaposten. Han etterlyser betre samordning mellom ferje- og bussavgangar, inklusive å "hoppa over ein tur", for å koma tilbake i rute igjen ved forseinkingar.

Skyss har nyleg auka talet på bussavgangar mellom Osøyro og Eikelandsosen. Målet er å gje dei reisande eit hyppigare og betre tilbod, i kombinasjon med det oppgraderte tilbodet frå Os til Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

At det har vorte hyppigare avgangar gjer likevel at problemstillinga de Zwarte tek opp har vorte tydelegare enn før. Det er også ei problemstilling Skyss er obs på.

Som hovudregel skal linje 740 følgje ferja. Det krev at vi planlegg godt, slik at bussen kjem fram til rett tid på kaien. Her vil vi gjere justeringar der det er mogleg, for å sikre nok tid.

Nå vi skal gjere det, må vi samstundes ta omsyn til nettopp ei rekkje samanhengar. Blant desse er varierande køyretid for bussane, og samanhengen mellom 740-linja og fleire andre linjer.

Ferjene skal også vere presise av omsyn til reisande som ikkje kjem med buss, og som treng å reise på dei tidene ferja skal gå. Vår oppgåve er å gje eit føreseieleg tilbod til alle våre reisande.

De Zwarte tek elles opp fleire spørsmål som er av meir politisk karakter, og som det ikkje er naturleg for Skyss å svare på.

Samstundes er det viktig for oss å understreke at også vår målsetting er nettopp eit samanhengande rutenettverk.

Øyvind Strømmen

Pressekontakt

Artikkelen held fram under annonsen.

Skyss