Fjellheim er i altfor god stand til å rivast
Det er fleire døme på at den politiske leiinga i andre kommunar har snudd i saker som liknar på Fjellheim-saka.
I kommunestyremøte torsdag var områdeplanen for Osøyro oppe til sluttbehandling.
Leiarane i Frp, Høgre og KrF (Terje Søviknes, Marie Bruarøy og Jacob Enerhaug) har sidan 2011 vore negative til å ta vare på dette allsidige kultur- og aktivitetshuset som Fjellheim er.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bygningen er framleis i overraskande god stand, og bør sjølvsagt ikkje rivast.
Høgre og Frp har fleirtal i kommunestyret, og kan styra på som dei vil, men KrF vil også vera med på laget som ønskjer å riva Fjellheim.
Eit allsidig og spennande aktivitetshus
Fjellheim var i mange år eit spennande og allsidig aktivitetshus/forsamlingshus i sentrum heilt fram til stenginga i 2011.
Vi i Os ungdomslag hadde underetasjen i Fjellheim som øvingsarena i mange år. Huset har kvalitetar som folk flest truleg ikkje er klar over. Det er til dømes fullstendig lydtett mellom hovudetasjen/storsalen og kjellarsalane, slik at heilt ulike brukargrupper kan øva/trena samstundes.
Då Os Turn si aerobic-gruppe trente i storsalen, kunne vi i folkedanslaget i Os ungdomslag dansa i underetasjen utan å høyra noko som helst frå storsalen over.
Dette erfarte sikkert også Patricia Langeland dei åra ho hadde danse-gruppene sine i underetasjen.
Ordførar Terje Søviknes har tidlegare, bl.a. i samtalar med oss i Bevar Fjellheim, forklart sitt standpunkt med at det er meir enn nok av forsamlingshus i bygda, og synte bl.a. til eldresenteret, Kløvertun m.fl., og sjølvsagt Os Aktiv som då var under planlegging.
Sistnemnde er sjølvsagt eit flott og forsåvidt allsidig bygg, men Fjellheim er det likevel bruk for, og kanskje meir enn nokon gong i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje for seint å snu
Det er fleire døme på at den politiske leiinga i andre kommunar har snudd i saker som liknar på Fjellheim-saka, når argumenta for bevaring blir sterke nok.
Då Voss kulturhus sto ferdig i 2010, vart «Gamlekinoen» på Voss avskriven som kulturbygg i første omgang, men sterke kulturfolk (bl.a. Ole Didrik Lærum) og musikarar i kommunen, fekk politikarane til å skjøna at det var bruk for huset likevel.
I desse dagar fekk dei «løn for strevet» då kultur -og likestillingsministeren nyleg kom til Voss med nyhende om at regjeringa løyver 17 millionar til opprusting av «Gamlekinoen».
Her på berget lar vi kulturhuset Fjellheim, som til samanlikning var i betre stand enn «Gamlekinoen» på Voss, stå til nedfalls.
Det er utruleg trist og korttenkt av Frp, Høgre og KrF sine leiarar å la eit majestetisk, historisk og flott kulturhus som Fjellheim gå til grunne.
Den store kulturverdien som Fjellheim representerer for Os-bygda, har eg ikkje fått plass til i denne omgang, men i Osingen 2011 kan ein til dømes lesa artikkelen «100 år med Fjellheim» der det første Fjellheim-bygget (som brende ned i 1936) også er med.
Tore Moberg
Foreningen Bevar Fjellheim