Fjellheim: Vi burde ha lytta til kommunedirektøren i 2021
Det var KrF si stemme som vippa fleirtalet, og no tek KrF ansvar for å avslutta denne saka før vi brukar endå meir ressursar på dette.
Eg og KrF er opptekne av å legge til rette for frivillig arbeid og organisasjonar i kommunen vår. Det var årsaka til at eg i 2021 lét meg overtale til å støtte etablering av ad-hoc utvalet, for å sjå om ein likevel kunne få til vidare drift av Fjellheim.
Kommunedirektøren innstilte mot å prioritera investeringar og drift av Fjellheim, men underteikna vart orientert om at det var kø av aktørar som ville overta drifta av Fjellheim. Kommunen skulle ikkje bruka meir ressursar på dette, det var det fort gjort å få avklart.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har ein i regi av ad hoc-utvalet gått denne ekstra mila, men utan at det har ført fram.
Det syner at vi nok burde ha lytta til kommunedirektøren i 2021. For meg viser denne ekstra runden at dei som fekk meg til å støtta dei i 2021, nok var vel optimistiske i vurderingane sine.
Det er ikkje noka kommunal oppgåve å bevara og drifta Fjellheim, like lite som det er ei kommunal oppgåve å drifta bedehus og andre forsamlingslokale.
Difor meiner KrF at vi no må setja strek for denne saka og fokusera på kva kommunen skal bruka tid og pengar på for å levera gode nok tenester til innbyggjarane våre.
Det var KrF si stemme som vippa fleirtalet, og no tek KrF ansvar for å avslutta denne saka før vi brukar endå meir ressursar på dette.
Bjarte Samnøy
Gruppeleiar Bjørnafjorden KrF