DEBATT
Folkemøte knytt til utbyggingsprosjekt
Fleire har den siste tida etterlyst folkemøte knytt til ulike utbyggingsprosjekt på Osøyro. Frå politisk leiing i kommunen ynskjer vi absolutt å leggja til rette for dette.
Fleire har den siste tida etterlyst folkemøte knytt til ulike utbyggingsprosjekt på Osøyro. Frå politisk leiing i kommunen ynskjer vi absolutt å leggja til rette for dette.
Eg har t.d. tidlegare varsla at det vil bli folkemøte når reguleringsplanen for hotell ved Oseana kjem til politisk slutthandsaming. Tilsvarande er det aktuelt med folkemøte knytt til fleire andre utbyggingsprosjekt som er under planlegging og regulering i Bjørnafjorden - ny kollektivterminal/parkeringsanlegg i fjell, bustader på Steinneset, arkitektkonkurranse for kaifronten/Esso-tomta og utbygging av omsorgsbustader på Osøyro og i Eikelandsosen.
Det er imidlertid viktig at folkemøta kjem på riktig tidspunkt i høve dei ulike planprosessane. Normal prosess for ein reguleringsplan er;
· Varsel om oppstart av planarbeid – offentleg kunngjering med 30 dagar høyringsfrist
· 1. gangs handsaming av reguleringsplan i Plan-, bygging- og miljøutvalet (PBM) – utlegging av planen på høyring
· Offentleg høyring i minst 6 veker
· 2. gangs handsaming i PBM, med påfølgjande endeleg handsaming av reguleringsplanen i kommunestyret
Undervegs i denne prosessen gjennomfører administrasjon også eventuelle dialogmøte med Statsforvaltaren, Vestland fylkeskommune og andre aktørar. Medverknadsråda i kommunen - Eldrerådet, Ungdomsrådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) - handsamar også planane.
Politisk nivå i kommunen er såleis inne og handsamar saka i to omgangar, ved 1. og 2. gangs handsaming av planen. Det beste tidspunktet for folkemøte vil såleis vera i høyringsfasen eller tett opp mot slutthandsaming av planane i PBM og kommunestyret. Då har vi konkrete plandokument, med plankart, føresegner og planomtale, som kan leggjast fram i møta.
Planavdelinga i kommunen melder no at tre av planane på Osøyro kjem til handsaming det neste halve året;
· Reguleringsplan for ny kollektivterminal og parkeringsanlegg i fjell kjem truleg til 1. gangs handsaming i PBM no i juni. Deretter blir det høyring i minst 6 veker.
· Reguleringsplan for hotell ved Oseana kjem truleg til 2. gangs handsaming i PBM og kommunestyret i oktober
· Reguleringsplan for bustader på Steinneset kjem truleg til 1. gangs handsaming i september/oktober – deretter blir det høyring i minst 6 veker
Det er difor naturleg at vi legg opp til eit eller fleire folkemøte knytt til desse planane over sommaren. Konkret tidspunkt for møta vil då bli tilpassa den politiske handsaminga av reguleringsplanane.
Elles er det viktig at alle som har innspel og merknader til dei ulike reguleringsplanane, nytar dei formelle høyringsrundane til å fremja sine synspunkt skriftleg. Slik sikrar vi ein open planprosess, med reell medverknad i tråd med føringane i Plan- og bygningslova.
Til orientering kjem også den statlege reguleringsplanen for E39 Stord-Os (Hordfast) på høyring no. Her planlegg Statens Vegvesen og kommunen folkemøte 2. september, før kommunestyret gjev formell høyringsuttale innan høyringsfristen 1.oktober.
Terje Søviknes (Frp)
Ordførar Bjørnafjorden kommune