Russisk rulett: Me opplever dette som russisk rulett med helsa og arbeidsmiljøet for dei tilsette.

Frå varme hender til kalde føter

Dersom budsjettforslaga vert vedtekne, vil det vera galskap sett i system.

Viser til tidlegare lesarinnlegg av 14. desember 2022, Hald løfta dykkar, kjære politikarar. Det er oss alle det gjeld, frå tillitsvalgte ved eininga Fusa bu - og behandlingssenter/ heimetenester.

Dersom politikarane i Bjørnafjorden kommune i desember 2023 går inn for budsjettframlegget, opplever me dette som ein russisk rulett med helse og arbeidsmiljø for dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varsellampane er illraude no, og no roper me òg høglydt ut til innbyggjarane i kommunen vår. Dersom budsjettforslaga vert vedtekne, vil det vera galskap sett i system.

Inngripande

I kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2024 ligg det føre inngripande nedskjæringstiltak. Desse kjem på toppen av dei allereie oppstarta kutta- og nedbemanningane som er allereie gjort.

Eininga vår står no ribba til skinnet. «Me skal ikkje jobba fortare» får me melding om, men «me skal jobba på ein annan måte».

Tilsette i eininga vår får informasjon om at: «Helse og velferd står i ein situasjon der behova og talet på brukarar aukar, medan utgiftene skal ned. Kvaliteten på nokre tilbod må ned, nokre tenestetilbod fell vekk».

Bak desse setningane ligg omfattande og særs alvorlege kutt, som vil få enorme konsekvensar både for tilsette og tenestemottakarar, men òg for lokalsamfunna våre. Dette må innbyggjarane vera kjent med.

Dei svakaste og sjukaste

«Til kvart kuttframlegg er det gjort vurderingar av kva det vil bety for tilsette / HMS og for brukarar og pårørande. Vurderingane prøver å gje eit bilete av dei viktigaste konsekvensane»

Som talerøyr for tilsette i eininga vår kan me påstå at eit budsjettframlegg ikkje kan spegla «dei viktigaste konsekvensane».

Konsekvensane er det dei svakaste og sjukaste i samfunnet vårt som må ta, og dei tilsette som - enn så lenge - vil stå i dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du kan lesa heile budsjettframlegget for helse og velferd her.

Folkemøte?

Som tillitsvalgte stiller me store spørsmål om korleis helse, lovverk og rettar vert ivaretekne dersom budsjettet og fleire kutt i eininga vår vert vedteken.

Difor ber me om at politikarane svarar oss no.

- Vil de invitera inn til folkemøte kring kuttforslaga i helse og velferd; slik det har vore i fleire bygder kring andre innsparingsforslag?

For Fusa-sida av kommunen er dette tiltak som no, etter tilsette sitt syn, er dramatiske.

Nedbemanninga ved eininga Fusa bu- og behandlingssenter/heimetenester er starta for lengst, og vidare kutt er planlagt.

I februar i år slutta aktivitøren vår, og stillinga vart ikkje erstatta. Dét merkar bebuarar, pårørande og me tilsette veldig godt.

Uønskte hendingar

Etter den tid er det registrert fleire uønskte hendingar som fall, tilløp til fall, og at bebuarar går ut av bygget utan at personalet klarar å fange det opp, pga travelheit i avdelingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mindre aktivsiering for bebuarane, og nokre sovnar i passivitet, nokre blir auka uroleg og treng tett tilsyn; noko som tilsette ikkje klarar å gje nok av.

No er fleire av vaktene til tilsette blitt kortare. Det tyder fleire oppmøtedagar på jobb for å behalda stillingsprosenten. Det er færre tilsette på arbeid, noko som medfører auka belastningar både fysisk og psykisk.

Fleire oppgåver

Samstundes har arbeidsoppgåvene blitt fleire. Oppgåver knytta både til vaskeri og i oppvask/postkjøken, grunna nedbemanning av postkjøkkentilsette og av aktivitør, gjer at tilsette med helsefagleg kompetanse må bruke arbeidstida si til mindre direkte pasientrelaterte oppgåver.

Bebuarane ved FBBS har fått tildelt plassen sin grunna omfattande pleie- og omsorgsbehov. Me kjenner no at me ikkje klarar å hjelpe dei ut frå alle deira behov og ynske grunna tidspress og meirarbeid.

Kva seier Lov om helsetjenesten i kommunene og Lov om pasient- og brukerrettigheter? Lovverket harmonerer i alle fall ikkje med kommunaldirektøren sitt forslag til budsjett. Det håpar me politikarar og innbyggjarane er merksame på!

Frå fem til fire på nattevakt

I nattevaktslaget i eininga vår er det allereie bestemt at frå 20. november skal ein gå ned frå fem til fire på vakt kvar natt.

Desse fire skal då stetta behovet til pasientane ved FBBS, ved omsorgsbustader og til alle tenestemottakarar som bur i eigne heimar.

Me skal køyra frå Håvik til Holsund, til Øvre Hålandsdal og Austefjorden, til Mundheimsdalen og tilbake, til nokre med opptil fleire besøk om nettene. Det vil bety at éin person vil måtta kjøre mange og lange ruter åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av behovet for pleie, omsorg, fagkompetanse og branntryggleiksomsyn, vil det vera behov for at dei tre andre nattevaktene er att på FBBS/omsorgsbustadane.

Dersom det til dømes går tryggleiksalarmar på natt og den tilsette vurderer at ein må vera fleire enn éin for å hjelpa brukaren, då må to av fire frå nattevaktslaget køyra ut ilag. Eller om det oppstår fleire alarmar samtidig - der avstandane er store og to må reisa ut, er det berre to nattevakter att igjen inne på FBBS.

Ikkje innanfor lova

Utfordringar då kan vera at tilsette kan få stor arbeidsbelastning om det er pasient i øyeblikkeleg hjelp (ØH)-rom, urolige, engstelege pasientar med demens, når pasientar er i livets siste fase eller når fleire alarmar går samtidig.

Dette er ein arbeidssituasjon som ingen tilsette ynskjer å ha, og det er heller ikkje innanfor Arbeidsmiljølova sitt formål a): «Å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger».

Går politikarane i tillegg inn for nedlegging av brannvaktordninga på Fusa-sida, tør me ikkje tenkja på korleis ein institusjonsbrann kan enda.

Akutt

Dersom legevakta i Eikelandsosen blir nedlagt, kven skal heimesjukepleien og FBBS då ta kontakt med når akutte og kritisk sjuke personar treng legetilsyn på kveld, natt, helg og ved heilagdagar; når legekontora er stengde?

Me meiner at dette vil føre til auka press på ambulansetenesta, og auka tal innleggingar ved spesialisthelsetenesta. Dette skriv kommunedirektøren sjølv: «Konsekvensar for andre einingar, ved nedlegging av legevakt i Eikelandsosen: Nedlegging av vaktstasjonen kan få konsekvensar for drift av korttidsplassar ved FBBS og drift av ØH-seng. Vidare avklaring av dette må skje i nært samarbeid med Helse-Bergen. Aktuelle konsekvensar kan verta å flytta ØH-seng frå FBBS til Lurantunet, eller avvikla, med mindre ein kan setja inn kompenserande tiltak som sikrar nødvendig legetilsyn. Nedlegging kan også føra til auka press på m.a. heimetenesta».

Svært uroa

På vegner av tilsette kan me slå fast at eit auka press vil, ikkje berre kan, føra til sterkt uønskte konsekvensar i høve til helse og lovkrav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er svært uroa for dei tilsette ved FBBS og i heimetenestene, dersom det ikkje vert brøytt før arbeidsdagen startar spesielt på helg og heilagdagar. I verste fall kjem ikkje tilsette seg på jobb, og livsviktige tilsyn og oppdrag hos tenestemottakarar i heimesjukepleien blir utsette eller ikkje utførte, og innbyggjarane står i fare for å ikkje motta nødvendig helsehjelp eller medisinar.

Heima best?

«For å møta utfordringane i demografi og tilgang på helsepersonell må fleire få hjelp på eit lågare innsatsnivå», skriv kommunedirektøren.

Mellom anna er kommunen starta opp med prosjektet «Heima best», her utdrag frå heimesida om prosjektet: «Målet med Heima best er blant anna å utvikla eigenmeistring i heimebaserte tenester og leggja til rette for at folk kan bu lengst mogleg heime. Korleis vi skal nå dette målet er under arbeid der vi ser blant anna på korleis vi betre kan samarbeida mellom tenester, med pårørande, frivillige og den enkelte brukar».

I praksis vil dette bety at innbyggjarar med store omsorgsbehov må i større grad ivaretakast heime, det vil bli lagt større ansvar til pårørande, noko som ikkje er lovleg. Tal personar med komplekse og omfattande pleie og omsorgsbehov vil auke.

Slit med motivasjonen

Og no vil de igjen kutta i budsjettet til helse - og velferdstenestene. Me manglar allereie nok kvalifisert personell. Me har mista mykje fagkompetanse og kollegaer har slutta. Fleire fortel oss no at dei sliter med motivasjon til å stå vidare i jobben sin.

Per oktober 2023 ligg sjukefråværet i eininga vår på opp mot 15 %, (både kort- og langtids fråvær). Innleige av vikarar vert sett til eit minste minimum, og oftast går me utan å ta inn vikarar.

Me forventar at arbeidsgjevaren Bjørnafjorden kommune forvaltar den største ressursen, dei tilsette, slik de målber i dykkar strategi:

• Vi har gode, trygge og inkluderande lokalsamfunn som fremmar helse, meistring og livskvalitet

Artikkelen held fram under annonsen.

• Vi har trygge, friske og myndiggjorte medarbeidarar

• Vi leverer treffsikre tenester

Varme hender er no blitt til kalde føter. Kompetanseflukt er ikkje lengre noko me ventar kan skje, den er allereie godt i gang. Tilsette orkar ikkje å stå i slike arbeidstilhøve meir. Dette forventar me at folkevalgte politikarar i Bjørnafjorden kommune gjer noko med.

På vegne av tilsette i eininga Fusa bu og behandlingssenter / heimetenester:

Marit Holdhus Bang

Plasstillitsvalgt for NSF ved FBBS,

Barbro Ekeberg

Plasstillitsvalgt for NSF i heimetenester

Gerd Skåtun

Plasstillitsvalgt for Fagforbundet i heimetenester,

Siri Anne Bringe Hope

Plasstillitsvalgt for Fagforbundet ved FBBS,

Margaret Berge

Plasstillitsvalgt for Delta ved FBBS

Anne-Siv Skåthun Berge

Plasstillitsvalgt for Delta i heimetenester,

Renate Utskot

Verneombod ved FBBS