Keisarens nye klede?: Jo Rune Ugulen Kristiansen meiner argumenta for å oppretta det nye, politiske utvalet minner mest om H.C. Andersen sitt velkjende eventyr om Keisarens nye klede.

Frp og keisarens nye klede

Det nye utvalet er utan makt og mynde, men ein kler det likevel opp med ansvarlegheit.

Eg las med undring, interesse og to par briller for å tru det eg las i Os & Fusaposten 18. mai. Terje Søviknes sitt lesarbrev på vegner av kommunestyregruppa til Framstegspartiet, kommenterte mellom anna det mykje omtalte, og nye utvalet i samband med «Prosjekt økonomisk handlefridom».

Les også
Vi tek ansvar

Innlegget gav meg assosiasjonar til H.C. Andersen sitt velkjende eventyr om Keisarens nye klede. I eventyret har keisaren sine nye klede den usedvanlege eigenskapen at dei vert usynlege for folk som ikkje er kloke og vise nok. Dette meinte keisaren var gode greier, for då kunne han jo enkelt finna ut kven av rådgjevarane sine som ikkje dugde. Sanninga var at det slett ikkje var klede i det heile tatt. I verkelegheita sprada keisaren rundt i hovudstaden sin utan klede på seg, og kammerherrane dilta etter medan dei heldt oppe slepet som ikkje finst. Folket turte ikkje seia sanninga før eit barn ropte ut at keisaren ikkje hadde klede på seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nye utvalet er utan makt og mynde. Men i innlegget til Søviknes kler ein det likevel opp med ansvarlegheit. «Vi tek ansvar» er omkvedet. For min del synest eg at eg høyrer ei barnestemme som ropar: «Keisaren har jo ingen klede på seg».

Jo Rune Ugulen Kristiansen,

uavhengig vararepresentant (tidlegare MDG) til Bjørnafjorden kommunestyre