Verdige liv: Vi i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er det offentlege si oppgåve å syta for at alle innbyggjarar kan leva verdige liv.

God sak som fortener gode lokale

SOS Bjørnafjorden gjer ein viktig innsats. Vi som kommune bør og kan syta for gode lokale til organisasjonen.

Vi har forskjellar i levekår i Noreg, og dei aukar. Det er ei kjensgjerning. Dei siste åra - og spesielt dette året - er det stadig fleire som slit med å få endane til å møtast. Då betyr det mykje at det finst støtte å få - hos nokon som forstår. SOS Bjørnafjorden forstår.

Les også
Leiaren i SOS Bjørnafjorden er sjølv gjeldsslave og uføretrygda: — Eg veit alt om kor mykje økonomiske problem tynger
Les også
— Folk ønskjer å bidra, men me har ikkje plass til varene

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er det offentlege si oppgåve å syta for at alle innbyggjarar kan leva verdige liv. Vi er opptekne av rettferdig fordeling og solidaritet. I det ligg det også at vi skaper rom for dei som vil og kan hjelpa.

Artikkelen held fram under annonsen.

SOS Bjørnafjorden har etablert seg som eit viktig supplement til det offentlege. Organisasjonen kjem tett på, er effektiv og kan hjelpa “her og no”.

Les også
Kenneth (37) tek viktig tradisjon vidare: — Me kan ikkje stoppa dette gode arbeidet

Lagerplassen dei leiger i dag er lite hensiktsmessige. Bjørnafjorden kommune har ledige lokale. Då seier det seg sjølve at her kan vi få ein vinn-vinn-situasjon. Kommunen stiller med tenlege lokale og SOS Bjørnafjorden kan bruka kreftene på det dei er best til: Hjelpa andre.

Les også
Vil vera fadderfamilie i jula: — Eg veit godt korleis det er å måtta snu på kvar krone

I samband med budsjett-arbeidet kjem vi derfor til å be kommunedirektøren vurdera det kommunen har av ledige lokale, og foreslå lokale som SOS Bjørnafjorden kan disponera.

Nils-Anders Nøttseter