Målet med heile saka var å spara pengar. Då bør i alle fall kalkulert innsparing vera realistisk.

DEBATT

Grav først og spør sidan!

I kjent stil hastar kommunen i gang med ulike kuttforslag og omleggingar, ofte før konsekvensar er skikkeleg utgreidde. Er budsjettet for lite eller forbruket for stort?

Bjørnafjorden Brann og redning (BBR) er under tilpassing.

I kjent stil hastar kommunen i gang med ulike kuttforslag og omleggingar, ofte før konsekvensar er skikkeleg utgreidde.  Er budsjettet for lite eller forbruket for stort?

Redningsdykkartenesta har vore vurdert, men den er for unik og sårbar til å endrast i vår kystrike kommune. Ressursbruken på brannstasjonen på Moberg kom ikkje under lupa.

På Eikelandsosen brannstasjon derimot, skal det sparast i mannskapsutgifter. På formannskapsmøtet 15. oktober, vedtok fem av ni representantar å innstilla til kommunestyret 29. oktober om å henta inn éin million frå denne brannstasjonen.

Framlegget er å ta bort ordninga med dei faste vaktlaga med utrykkingsplikt og innføra gamal ordning med ein utrykningsleiar på kontinuerleg vakt og utalarmering av frivillige konstablar.

I tillegg skal den gamle avtalen med FRAMO Fusa AS gjennomgåast og vonleg utviklast.

Å lesa saksutgreiinga og ROS-analysen er ei rar oppleving; nær sagt alle reservasjonane Fusa-folket har mot denne reduksjonen, er omtala, men - med diffuse kompensatoriske tiltak - meiner kommunedirektøren likevel at det er forsvarleg å redusera på vaktordninga.

Kva skal Eikelandsosen brannstasjon dekka?

Brannforskrifta opererer med omgrepet «tettstad» som har krav om kontinuerlege vaktlag  dersom det er over 3.000 innbyggjarar på staden. Saksutgreiinga skriv at Eikelandsosen har ca 540 personar, men det berre sjølve fjordbotnen.

Forskrifta seier også tydeleg at ein skal dimensjonera med omsyn til andre forhold enn folketalet. §§ 22-23 har eigne krav for utsette brannobjekt, som m.a. Fusa bu- og behandlingssenter, Hellemyra og Torsneset bufellesskap og Fjord’n senter, som vert rekna som 20-minuttsobjekt. Det betyr at minst eitt vaktlag skal vera i innsats innan 20 minutt.  

Me veit også at heile austsida av kommunen har store og viktige arbeidsplassar/brannobjekt, i både Søre Fusa og Nore Fusa, i tillegg til aksen Eikelandsosen-Fusa-Strandvik.  

Då må avstandar til verksemder på t.d. Nordtveitgrend, Baldersheim, Sævareid, Øvredalen og Holmefjord og Samnøy, takast med i vurderinga. Likeeins omlegging av andre naudetatar som t.d. politi.

Reelt sett har Eikelandsosen brannstasjon ansvar for om lag 3.800 innbyggjarar, i tillegg til viktige lokale arbeidsplassar.


Betra samarbeid med FRAMO Fusa AS

For private og bedrifter vil ein velfungerande brannstasjon på Venjaneset kunna styrka beredskapen på strekkja Gjerdevik-Håvik og vera ein bonus. Noko anna vil verta skikkeleg negativt, då utrykking frå Eikelandsosen til t.d. Strandvik krev minst 15 min lengre tid enn frå Venjaneset.

Det tok forresten nær 50 minutt frå alarmen gjekk om husbrann i Strandvik i fjor, til det kom folk og bil på staden. Ingen møtte frå Venjaneset og ferjetidene auka responstida på tankbil frå Moberg.

Ein viktig føresetnad for at brannstasjonen på Venjaneset skal fungera, er at fleire i industrivernet til FRAMO får avtale med og opplæring hos kommunen sitt BBR og vert tilgjengelege også utanom arbeidstida.

Men vurdert frå andre ståstader i gamle Fusa, kan sjølv ikkje ein god avtale med FRAMO kompensera for redusert bemanning. Det vil gje minst 20 minutt lengre responstid nord og sør i kommunen, dersom det ikkje kan mobiliserast fullgodt frå Eikelandsosen.

Saksutgreiinga skriv elles lett om utalarmering av andre ressursar, det vil seia frå andre brannkorps i nabokommunane, men dei fleste er utan møteplikt. 

Skeptiske

Fusabrølet har vore i kontakt med fleire bedriftsleiarar som er lokaliserte utanfor «tettstaden».  Dei er skeptiske til framlegget om å ta ned vaktlagsordninga og kompensera med Venjaneset.

Gunnar Utskot hos Vestlandske Limtre seier at ei oppgradering av stasjonen på Venjaneset/Framo ikkje vil kunna kompensera for redusert bemanning i Eikelandsosen for deira del.

Carl Johan Sandberg hos Sævareid Bruk (Fiskeanlegga) seier det same.

Øyvind Hjertnes hos L. Hjertnes på Nordtveitgrend kjenner på at bedriftene får større ansvar for redningsarbeid i tillegg til det førebyggande ansvaret.

Fleire me har snakka med uttrykkjer uro for den utviklinga dei ser, mellom andre Ørjan Borgen Nordtveit i Sykkelkomponenter, Stig Tveit hos Tombre Fiskeanlegg, Vidar Hjartnes hos Eide Fjordbruk, Helge Dale hos Dale Kjøleservice, Atle Ådland og Ranveig Næss hos Hordaland Rørteknikk og Kristian Råsberg hos Alsaker/Bolaks.

Råsberg utdjupar: «Det er urovekkande korleis ein ser samfunnet stadig vert bygd ned innanfor ulike sektorar, og korleis investeringar smuldrar bort i bygdenoreg.»

For bedriftene er det viktig å kunna tilby gode, attraktive og trygge miljø for å kunna rekruttera og halda på gode arbeidsfolk.  Den føreslåtte reduksjon i beredskapen i Eikelandsosen får konsekvensar både for deira rekruttering og materielle verdiar. 

Brann og redning er viktig del av den samla beredskapen med andre utrykkingsetatar

Folk må kjenna seg trygge.

Lite trøyst

Fusabrølet finn lite trøyst i ROS-analysen på temaet «Tillit og opplevd tryggleik» 

Under Risikoforhold og mogelege konsekvensar kan ein lesa at «Innbyggjarar kan oppleve redusert tryggleik dersom respons vert forseinka eller det er usikkerheit om oppmøte».  

Om kompenserande tiltak og vurdering vert det skrive: «Open framstilling av rest-risiko i politisk sak. Tydeleg kommunikasjon om at ordninga er innanfor forskrifta, men mindre føreseieleg enn dagens ordning.» 

Det vert ikkje tryggare om kommunen har varsla at det er usikkert!

Teknisk sett kan beredskap etter gamal modell vera innanfor forskrifta m.o.t folketal, men det er dårleg trøyst når det er kritisk hending i Øvre Hålandsdalen, på Baldersheim eller på Samnøy.

Fusabrølet har omtanke for brannkorpset vårt og fryktar slitasje hos grunna mental beredskap 24/7/365 for brannkonstablane, også dersom det er usikker kva vaktstyrke som mønstrar. 

Når det i saksutgreiinga og i formannskapsmøtet blir vist til at den gamle vaktordninga i Fusa fungerte godt, gløymer ein kva som faktisk gjorde at ho fungerte.  

Kan ikkje samanliknast

Både Marie Brurarøy (H)  og Terje Søviknes (Frp) meinte at "gamledagar" kunne gjeninnførast. Brurarøy var veldig tydeleg på dette, og posisjonen slo seg til ro.

Gamle Fusa kommune hadde ni operative brannmannskap som også var kommunalt tilsette, med arbeidsplass om lag to minutt frå brannstasjonen. Det gav i praksis ein  dagberedskap tilsvarande to fulle vaktlag, utan at mannskapa hadde fast vaktplikt. I dag er talet på brannmannskap med lokal kommunal arbeidsplass redusert frå ni til éin.

Kommunen har sjølv vore med på å fjerna føresetnadene som gjorde den gamle ordninga fungerande. Likevel blir nettopp denne ordninga brukt som argument for at den nye løysinga skal fungera.

Ein kan ikkje samanlikna vaktordningane utan å samanlikna føresetnadene for faktisk oppmøte. Ni mannskap med to minutt til stasjonen er noko heilt anna enn 19 mannskap på ei liste, utan garanti for oppmøte.

Eit godt samansveisa vaktlag gjev best beredskap. F.v. G. Hamre, AO. Lundervik, A. Frydenlund og S.H. Olsen

Frå ROS-oppsummeringa

«Vurderinga av rest-risiko (oppmøte) byggjer på at samarbeidet med Framo Fusa AS vert vidareført. Dersom samarbeidet vert avvikla i tillegg til endra vaktordning, vil rest-risikoen auke, særleg ved hendingar på strekninga Venjaneset–Håvika og på dagtid. Dei to tiltaka bør difor ikkje vurderast isolert frå kvarandre.»

Men det er nettopp kva prosessen legg opp til!


Det heile er ein parodi på prosess:

  1. Kommunen vedtek å leggja om vaktordninga som leverer meir enn kvantitativ  minstekrav

  2. Kommunen reknar med at FRAMO stiller opp; revidera samarbeidsavtalen

  3.  Kommunene reknar med å få dela kostnadane med FRAMO (kostnad/sparing?)  

  4. Kommunen vil etterkvart vurdera kva ein reelt sett kan spara økonomisk på dette

  5.  Kommunen vil ha kontinuerleg oppfølging og leggja inn helgevakter ol

  6. Kommunen vil eventuelt reversera etter eitt år

Målet med heile saka var å spara pengar. Då bør i alle fall kalkulert innsparing vera realistisk. Noko anna er å provosera fram ny frustrasjon hos Fusabrølet og folk austom! 

Kortsiktig innsparing kan gje sårbare løysingar med store samfunnsmessig kostnader. 

Fusabrølet spør politikarane: Vil de verkeleg gjera eit vedtak med så mange usikre faktorar?

De bør etterspørja sikrare økonomiske kalkylar som inkluderer rekruttering og opplæring av nye brannkonstablar, også til Venjaneset brannstasjon.

De må våga sjå det store biletet her og vurdera reelle negative konsekvensar for folk og samfunn.

Øystein Reiertsen Tholo

Mette Holmefjord Olsen

For Fusabrølet

Eikelandsosen brannstasjon med open dag.
Powered by Labrador CMS