Me forventar at kommunen, når planen er klar, fylgjer opp med ein konkret handlingsplan.

DEBATT

Her er inga tid å mista

Misforstå meg rett, men kor lenge har dei styrande hatt kunnskap om auken i tal eldre?

Ny barnehage i Lysefjorden. Så bra, tilflyttinga er stor og trongen kjem. Kommunen snur seg rundt og finn raskt ei løysing.

Misforstå meg rett, men kor lenge har dei styrande hatt kunnskap om auken i tal eldre? Heilt sidan dei store fødselstala etter krigen!? Og enno er ikkje eldreomsorga på plass. Og det er mest snakk om reduksjon av tilbod, og ikkje utvikling.

Dei siste fem åra har tal på eldre over 80 år på nasjonalt nivå auka med 26%. På same tid har talet sjukeheimsplasser auka med 1% Her er inga tid å mista for å auka innsatsen.

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden har gjennom sin møteaktivitet denne hausten sett fokus på eldreomsorga. Først gjennom at kommunen ved plangruppa presenterte sine planar, og så eit møte med politiske parti for å få fram kva eldre og Pensjonistforbundet Bjørnafjorden meiner er viktig.

Strukturen som kommunen legg opp til er at eldre skal bu trygt lengst mogleg i eigen heim, for så å flytta til nye bustader alt etter behovet dei får.

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden har, så langt, ein del innspel og spørsmål til planen:

Å tilpassa eigen heim for å bu der trygt lengst mogleg fordrar fysisk tilpassing. Me er glade for at Husbanken no har økonomisk støtteordning for at ein kan gjera tilpassingar.
Men å bu i eigen heim kan lett føra til isolasjon og einsemd. Kommunen bør, gjerne saman med Frivilligheitsentralen eller andre, laga ei transportordning, slik at dei eldre kjem seg ut på arrangement m.m..

Lårhalsbrudd ol. kan ein òg unngå om der er ei "vaktmestertjeneste" til bruk. Om desse tenestene skulle få ein eigenandel, vil nok mange likevel setja pris på dei. Og berre eitt år lengre i eigen heim er ein vinn-vinn-situasjon for alle.

Ellers illustrerer bustadtrappa godt dei forskjellige omsorgsbehova som trengst.
Alt frå sjølveigande mindre leiligheter, bustadkompleks med hjelpetiltak til sjukeheim med både kortids- og langtidsopphald. 

Kommunen bør eiga ein del leiligheiter for vidare rimelig utleige. Og sjukeheimane bør ha plass til både korttids- og langtidsopphald.

Ein eldre som er i starten på demens bør få tilbod om korttidsopphald på same sjukeheim som der ein flyttar inn permanent. Å vera kjent med hus og personale er avgjerande. Dette må gjelda på begge sider av fjorden.

Så forventar me at kommunen, når planen er klar, fylgjer opp med ein konkret handlingsplan med dimensjonering av behov på dei forskjellige "trappetrinna" og ei forpliktande økonomisk ramme i både budsjett og langtidsbudsjett. 

Tenk om alle parti i kommunestyre kunne einast om dette og gjennomføra planane raskt? I framlegg til statsbudsjettet for 2027 ligg det inne milliarder for bygging og rehabilitering av sjukeheimar. Søk no!

Som ein interesseorganisasjon, både lokalt og nasjonalt, ser me fram til samarbeid om alle mulige tiltak til det beste for dei eldre i heile Bjørnafjorden.

Me er mange og det hastar!

Terje Hermansen 

Leiar

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden 


Powered by Labrador CMS