Tilnærma null: Klimaavtrykket på eit digitalt landsmøte er tilnærma null, og i tråd med alle berekraftsmål.

Historisk MDG-landsmøte

Koronakrisa har lært oss at det går fint an å driva politikk frå kvar vår stove.

Den pågåande krisa har snudd opp ned på kvardagen for dei fleste av oss. Skular, idrettsanlegg og frisørar har vore stengde, konsertar er avlyste, og folk må endra ferieplanar.

Miljøpartiet Dei Grøne sitt landsmøte 2020 var lagt til siste helga i april, og då korona ramma, såg det ei stund stygt ut for heile arrangementet. Eit løysingsorientert og hardtarbeidande MDG-sekretariat ville det annleis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag 25. april benka Nils-Anders Nøttseter og Geir Fossåskaret frå MDG Bjørnafjorden seg framfor PC og nettbrett. Saman med nærare 200 entusiastiske delegatar landet rundt valde dei Une Bastholm som partiets første leiar, støtta av dei to solide nestleiarane Arild Hermstad og Kriss Rokkan Iversen.

Ingen stortingsparti har tidlegare halde landsmøte digitalt, og det var knytt ei viss spenning til om den tekniske løysinga ville halda mål til eit så stort arrangement. Landsmøtet vart avvikla utan tekniske utfordringar.

Klimaavtrykket på eit digitalt landsmøte er tilnærma null, og i tråd med alle berekraftsmål.

MDGs landsmøte viser at framtida er her no. Men for å lykkast med det grøne skiftet, trengst ikkje berre innovative løysingar, men også innovative menneske til å ta dei i bruk.

MDG Bjørnafjorden er glad for at også politiske utval og styre her i Bjørnafjorden har snudd seg rundt og held digitale møte for å få unna viktige oppgåver. Lokallaget kjem til å vera ein pådrivar for digitale kommunale møte – også etter korona.

Geir Fossåskaret

Styremedlem MDG Bjørnafjorden