Sei det som det er: Det hadde vore betre om SV berre kunne seie det som det er: Dei er prinsipielt imot friskular, framfor alle desse vikarierande argumenta.

Høgre svarer SV om friskular og skuletilbod i Vestland

Det er nesten utruleg at SV så til dei grader blandar eple og pærer.

I eit innlegg i Os & Fusaposten hevdar SV at det er heilt stille frå Høgre kring dei private friskulane i Bergen i samband med skulestrukturen som skal handsamast i fylkestinget til hausten. Det er nesten utruleg at SV så til dei grader blandar eple og pærer, samstundes som dei ikkje evnar å drøfte den problemstillinga me faktisk står oppe i.

Les også
Kva med dei private skulane, Høgre?

For kva hadde hendt om me hadde sagt at dei private friskulane ikkje fekk halde fram med tilbodet sitt? Jau, då hadde me hatt endå fleire utfordringar enn me har no.

Artikkelen held fram under annonsen.

For realitetane er at me kjem til å sjå ein nedgang i elevtalet i heile Vestland, bortsett frå bergensregionen. Her vil me sjå vekst i åra framover. Me må altså prise oss lykkelege for at me har dei private skulane i Bergen som eit tilskot til dei offentlege, som trass alt utgjer dei aller fleste skuleplassane i fylket.

Og kva hadde det gjort for skulane i distriktet? Ingenting, i alle fall ikkje om ein skal tru på SV sin lovnad om at elevar ikkje skal måtte flytte på hybel ufrivillig.

For det er ikkje sånn at SV vil seie til ein elev frå Bergen at han eller ho må flytte til ein plass langt vekk for å sikre skuletilbodet i distrikta.

Likevel er Høgre einig med SV i éi sak, og det er at forslaget frå administrasjonen som er sendt ut på høyring ikkje er optimalt, og at me treng eit godt og desentralisert skuletilbod i hele fylket.

Me i Høgre er også bekymra for at det vert eit for snevert tilbod i distrikta om nesten alle dei såkalla kreative faga vert flytta til Bergen. Her må me finne løysingar som sikrar eit breiare tilbod samstundes med at me ikkje startar opp nesten tomme klassar.

Og når me snakkar om kreative fag, så er faktisk to av tre klassar som vert starta opp innan musikk kvart år i bergensregionen private tilbod.

Om ikkje me hadde hatt friskulane ville det vore om lag 180 elevar kvart år som ikkje fekk oppfylt draumen sin. Friskulane er altså eit verdifullt tilbod til mange av dei kreative elevane i denne regionen.

Som vist over, er det altså ikkje berre dei billige skuleplassane på studiespesialiserande som vert starta av friskulane, som SV hevdar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva skjer om ein friskule ynskjer å starte eit tilbod innan yrkesfag? Ville då SV støtta det når me har eit enormt behov for yrkesfagplassar i bergensregionen? Sjølvsagt ikkje.

SV støtta ikkje ein gong søknad frå Danielsen om å gjere om fleire plassar på studiespesialiserande til helsefag.

Det hadde vore betre om SV berre kunne seie det som det er: Dei er prinsipielt imot friskular, framfor alle desse vikarierande argumenta.

Utfordringa me som politikarar står i no, er at me veit at om me ikkje gjer noko no, vil me ha 5.000 ledige skuleplassar i 2035. Dette er i dagens verdi ein kostnad på 1 milliard kroner. Pengar me ikkje får frå staten og som me då må ta frå ein annan plass.

Samstundes veit me at om lag 15% av elevane våre ikkje fullfører utdanninga si. Det kan vere mange årsaker til dette. Men me veit at på SV si vakt har elevane mista fridomen til å velje kvar dei vil gå på skule, fråværet og fråfallet aukar og mobbetala aukar.

Ting går altså i feil retning. Og i denne debatten er altså SV heilt fråverande.

Kvart einaste år SV har styrt Vestland har Høgre prioritert meir midlar til skule enn SV. Me vil bruke meir på miljøkoordinatorar, fagbrev på jobb, etter- og vidareutdanning, leksehjelp og sommarskule, og på den frie ramma til skulane.

For me veit at det å fullføre vidaregåande skule er det aller viktigaste for framtida til elevane våre, og då er det på tide at me diskuterer dei viktige sakene knytt til skulepolitikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nemleg korleis me kan gje elevane eit godt skuletilbod som sikrar at flest mogleg gjennomfører og får fagbrev eller studiekompetanse.

For det er trass alt elevane skulen er til for!

Silja Ekeland Bjørkly (H)

Gruppeleiar

Tora Hodneland Kildehaug

Fylkestingsrepresentant (H)