Ei gåte: Korleis det har styrkt mediemangfaldet i Trøndelag at 9 personar i Oslo-området har kjøpt aksjar i LL Inntrøndelagen og selt dei vidare til Amedia-konsernet med ein gevinst på over 10 mill. kroner er ei gåte for meg.

Hulda Tronstad og kapitalmakta

Styreleiar i LL Inntrøndelagen, Hulda Tronstad, har svart på Morten Holmefjords innlegg om det dramatiske årsmøtet i Os og Fusaposten AS 21. juni. Ho meiner det han skriv om kapitalmakta og trøndersk avishistorie byggjer på “ikke helt etterrettelege kilder”.

Ettersom eg var kjelda for opplysningane om LL Inntrøndelagen (som eig 38 % av Trønder-Avisa), ynskjer eg å svara.

Holmefjord skreiv at Odd Reidar Øie fekk meldt sonen Vidar Øie Nilsen (styremedlem i Os og Fusaposten), sambuaren hans, broren Lars Øie og kona hans, i tillegg til naboar og gode vener i Bærum inn i Venstre for å få tak i aksjane i LL Inntrøndelagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg skjøner ikkje kvifor Hulda Tronstad prøver å dra dette i tvil. Kven som helst kan gå inn på aksjeeiere.no og sjekka at det stemmer.

Les også
En avishistorie fra virkeligheten - svar på leserbrev fra Morten Holmefjord
Les også
Inntrykk frå årsmøtet i Os & Fusaposten

Frå 0 til 48,8 prosent…

I 2017 hadde Øie & co ingen aksjar i LL Inntrøndelagen. Men i februar 2018 kjøpte Odd Øie den gamle Venstre-avisa AS Dagbladets aksjepost i selskapet. Han fekk sonen Vidar Øie Nilsen til å melda seg inn i Venstre, slik at dei 196 aksjane kunne overførast på han. (Sjå Journalisten.no sitt intervju med Odd Øie 2. mars 2018.)

Med 13,2 prosent var Vidar Øie Nilsen no den desidert største aksjonæren i selskapet. Han fekk styreplass, og Øie & co kjøpte seg vidare opp. Ved utgangen av året eigde dei 16,1 prosent av LL Inntrøndelagen.

Men det stoppa ikkje der. I 2019 kjøpte Odd Øies Amble Investment AS heile 24,8 prosent av aksjane. (Litt pussig akkurat det: Vart investeringsselskapet hans også meldt inn i Venstre?)

Ved utgangen av året sat Øie & co på 48,8 prosent av aksjane. Blant dei som no var komne inn i selskapet var Hulda Tronstad, som kjøpte 4 aksjar (0,3 prosent).

Det passa sjølvsagt Høgre-mannen Odd Øie godt å få med seg ei framtredande Venstre-kvinne i framstøyten for å kjøpa seg opp i eit selskap der det var eit krav at aksjonærane var medlem i Venstre. Dei sit begge i Bærum kommunestyre (Øie som fast medlem og Tronstad som vararepresentant). Men ho har – som ho skriv – “tjukke slekta i Trøndelag”.

Hulda Tronstad kom snart inn i styret i LL Inntrøndelagen. I mai i fjor var Vidar Øie Nilsen styreleiar, Hulda Tronstad nestleiar og Odd Øie styremedlem. (Praktisk med heile styret samla rundt Oslo.)

Seinare har Hulda Tronstad overteke som styreleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hurra for Os & Fusaposten: - Hjertet mitt banker for lokalavisene

… og ned igjen til 0,3 prosent

Kva har skjedd med aksjepostane som Øie & co kjøpte i 2018 og 2019?

Nettstaden aksjeeiere.no gjev svaret.

Ved utgangen av 2019 sat dei på 730 av aksjane i LL Inntrøndelagen. Det tilsvarer 48,8 prosent.

Året etter hadde dei til saman berre 4 aksjar (0,3 prosent).

Øie & co selde nesten alle aksjane sine til Amedia-konsernet. På det tente dei minst 10 mill. kroner – netto.

Hulda Tronstad hevdar at det ikkje stemmer at LL Inntrøndelagen no er seld. “Mange solgte, mens andre, blant dem jeg og Vidar Øie Nilsen, valgte å beholde aksjer i selskapet”, skriv ho.

Vel, Amedia eig no 93,9 av aksjane i selskapet. Hulda Tronstad selde tre av sine fire aksjar, og Vidar Øie Nilsen selde 252 av sine 253.

Trass i nedsalet sit dei no begge i styret for Trønder-Avisa, og slik Tronstad formulerer seg har dei tydelegvis æra for at underskot er snudd til overskot der i garden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje å takka for?

“Avislesere i Trøndelag har mye å takke Odd Øie for. Uten han, hadde mediemangfoldet i Trøndelag vært fattigere.” skriv Hulda Tronstad.

Korleis det har styrkt mediemangfaldet i Trøndelag at 9 personar i Oslo-området har kjøpt aksjar i LL Inntrøndelagen og selt dei vidare til Amedia-konsernet med ein gevinst på over 10 mill. kroner er ei gåte for meg.

Men eg høyrer gjerne Hulda Tronstads forklaring.

Christian Fr. Stabell