Mogeg å einast: Svært mange ser ut til å vera for ei deling, men mange argumenterer òg mot. Når eg les argumenta mot, trur eg det er mogleg me alle kan einast.

Hybrid-kommunane Os og Fusa

Utspela mine om å dela Bjørnafjorden kommune har skapt mykje diskusjon.

Svært mange ser ut til å vera for ei deling, men mange argumenterer òg mot. Når eg les argumenta mot, trur eg det er mogleg me alle kan einast.

For var det så gale at me slo kommunane saman? Eller kan me bruke samanslåinga til noko nyttig? For det er ikkje tvil om at stordriftsfordelar er akkurat det, fordelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er på tida å sjå framover og annleis. Ein kommunestruktur er på inga måte sett i stein.

Les også
Han røysta mot samanslåinga i 2016. No tek Peter-Hans de Zwarte til orde for skilsmisse
Les også
Fleire av partifellane hans tek til orde for ei deling av kommunen. Dette seier varordføraren

Ein bør skapa dei to hybrid-kommunane Os og Fusa. Der ein tek mykje av det gode arbeidet gjort med Bjørnafjorden kommune, som stordriftsfordelane og sterke fagmiljø, og vidarefører desse gjennom interkommunalt samarbeid.

For fusingar er problemet at me har mista sjølvstyret vårt, og som ein ser av diskusjonane, føler me oss som ein utkant. Ein ser at for osingar er det ein frykt for å bli slukt av Bergen, og at ein difor treng landområdet til Fusa.

To kommunar, med tett samarbeid om nokre tenester, kan gi to framoverlente organisasjonar med betre økonomisk oversikt. Samstundes som ein kan utvikla dei to vidt ulike demografiske områda slik ein sjølv ynskjer.

Fusa får sjølvstyret sitt igjen, og saman er me tett nok knytt opp mot kvarandre, slik at Os ikkje vert slukt av Bergen.

Les også
Kvåle, Djuvik, Boge og Samnøy røysta alle for samanslåinga. Dette seier dei no
Les også
– At ting rører på seg, og at folk er usikre, er naturleg. Det har vore to veldig spesielle år

Slik treng ikkje delinga å kosta meir enn det smakar, då det blir meir som ei omorganisering enn deling. Om vedteke og godkjend, gjev staten delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til delinga gjennom inndelingslova.

Når ein tenkjer langsiktig, trur eg dette kan vera ei smart avgjersle for begge sider av fjorden. Ei avgjersle som må undersøkjast nærare, og som absolutt bør avgjerast med ei folkeavrøysting.

Ei folkeavrøysting som dessverre er umogleg å få fleirtal for i kommunestyret per no. Men noko ein, om innbyggjarane engasjerer seg og vil, kan få til innan valet i 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Peter-Hans de Zwarte

Kommunestyrerepresentant