Har fått påverka: Elevane har fått lov til å vera med og påverka kva som skal vera ein del av deira skulekvardag, og kva som er behovet på skulen dei går på.

Ingen tragedie, tvert imot!

Det har vore fleire undersøkingar om korvidt elevane har bruk for skatebanen. Elevane vil heller nytta plassen til noko anna.

Karl-Magnus Forberg Eikeland skriv om tragedien med skrotinga av skateparken i Eikelandsosen. Sanninga er at det er ingen tragedie, tvert imot, det er ei gladsak!

Skatebanen i Eikelandsosen blir tatt vekk fordi det skal byggast heilt nytt uteområde på ungdomsskulen i Eikelandsosen. På staden det tidlegare var skatebane, skal det bli multi-binge - kombinert handball- og fotballbinge. Nede på plassen blir det også mogleg å spela volleyball og basketball. Det kjem fleire sittegrupper, parkour og promenade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevrådet har hatt workshop der rådet har kome med sine innspel til planteikningane. FAU har fått sagt sitt, og alle elevane har hatt planteikningane oppe i klasserommet og hatt moglegheita til å koma med innspel.

Les også
Fra triks til tristesse

Det har vore fleire undersøkingar om korvidt elevane har bruk for skatebanen, og det kom fram at elevane heller ville nytta plassen til noko anna. Skulen og elevane ville tilretteleggja for aktivitet som elevane kunne nytta, og det har me gjort.

Etter at utbygginga er ferdig, vil det ikkje lenger vera asfaltørke på skuleplassen, og dermed ikkje plass til skatebanen, eller dei nye aktivitetane ein annan plass enn der det er planlagt.

Forberg Eikeland skriv at skateparken er eit elendig døme på planlegging og gjennomføring av skulegarder, og at summen berre er negativ, men kjære Karl-Magnus: Som aldri før har elevane fått lov å vera med og påverka kva som skal vera ein del av deira skulekvardag, og kva som er behovet på skulen dei går på. Eg håpar at du ser litt lysare på fjerninga av skatebanen, og ser det positive med at elevane sjølve kan få bestemma.

Mathilde Nonås

Elevrådsleiar

Fusa Ungdomsskule