Einaste håpet: Det einaste dei har, er håpet, håpet om at det ein dag kjem ei Marte Svennerud inn porten til leiren, klaskar “sin store haand i bordet” og seier: Je tar alle sammen. Itte no knussel

“Itte no knussel!” - barna i Moria håpar på Marte Svennerud

“Men lillejulaftensmorgen gled lærer Hansens enke i kjeldertrappen - faldt ned og slog sig, saa hun døde fra barneflokken sin nogen timer efter.”

Slik gjekk det til at sju frå før fedrelause barn vart foreldrelause i Barbra Ring si novelle “Itte no knussel” frå 1909.

I hui og hast vart bygdas store menn og kvinner, inkludert den største av dei alle, Marte Svennerud, kalt inn til møte på prestegarden for å avgjere lagnaden til dei uheldige sju.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei sju barna vart plassert i kjøkkenet på prestegarden, der dei spent lytta til røystene frå prestekontoret, medan dei spelte gnav om kven som var den heldige som skulle få kome til Marte Svennerud.

Det var ingen andrepremie i spelet, den som fekk bu hjå Marte Svennerud hadde trekt vinnarloddet. Den eldste i flokken vann, og det var både gråt og tårer frå dei seks som hadde tapt framtida si.

Har du levd ei stund, har sikkert høyrd Per Aabel lese forteljinga om Marte og dei sju foreldrelause ungane, og då veit du at det gjekk godt til slutt. Marte tok dei til seg, alle sju.

“Itte no knusseI”, sa ho.

I dag lever fleire tusen barn, mange av dei foreldrelause, stua saman under kummerlege forhold i flyktningleiren Moria i ferieparadiset Hellas.

Dei bur i overbefolka telt, har ikkje eit fungerande helsetilbod, dei manglar mat og medisinar, og får heller ikkje tilgang på skikkeleg skulegang.

Det einaste dei har, er håpet, håpet om at det ein dag kjem ei Marte Svennerud inn porten til leiren, klaskar “sin store haand i bordet” og seier: Je tar alle sammen. Itte no knussel!

Kjære mor Norge, ver Marte Svennerud!

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjære mor Norge, evakuer Moria! Itte no knussel!

Geir Fossåskaret

Styremedlem

Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden