Forsvinnande: Høyringssvara er i forsvinnande liten grad kommenterte i saksutgreiinga.

JA-kommune - første sjanse

Uansett kva parti de representerer, er de i kommunestyret valt fordi de har skaffa dykk tillit blant veljarane.

Då kommunalsjefen sitt framlegg til vedtak låg føre den 17. oktober var det vel ingen som blei veldig overraska. At administrasjonen lenge har ønskt å kvitta seg med nokre grendeskular med tilhøyrande plagsamt engasjerte lokalsamfunn, var me fleire som ana.

Det som for nokre kan ha vore litt uventa er at berre tre skular er foreslått nedlagt. Os barneskule blir redda av at dei er sentrum. Fusa skule fordi administrasjonen er livredd dei private. Gratulerer til dykk begge, eg unner desse skulane alt godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skulestruktur-saka: Foreslår å leggja ned tre av fem skular

Dessverre er Halhjem, Strøno og Ådlandsfjorden skule på lista over dødsdømde. Me som har eit engasjement for desse skulane kan likevel ikkje mista alt håp. Bjørnafjorden kommune har no ein ordførar og eit politisk fleirtal som tydeleg har signalisert at dei vil ha vekst og utvikling i heile kommunen. Bjørnafjorden kommune skal vera ein JA-kommune er det sagt. Skal ein då starta fireårsperioden med å seia nei til ein heilt sentral faktor for at unge vil busetja seg, leva og driva næring i bygdene? Viss så skjer, blir det nok ikkje gløymt ved neste val.

Det er ikkje berre posisjonen som må hugsa korleis dei har profilert seg i valkampen. Uansett kva parti de representerer, er de i kommunestyret valt fordi de har skaffa dykk tillit blant veljarane. Personleg har eg tillit til at de ser at dei få kronene ein sparer på kort sikt, medfører store inntektstap på lengre sikt.

De har og min tillit til at de les høyringssvara som er komne inn. Det ser ikkje ut som at administrasjonen har teke seg bryet med det. Høyringssvara er i alle fall i forsvinnande liten grad kommenterte i saksutgreiinga. Men kvifor bruka tid på slikt når ein hadde bestemt seg på førehand?

Les også
Denne unge gjengen har ingen planar om å busetja seg i «byn»

Mange av dykk folkevalde var til stades på folkemøta på skulane i september. Eg håpar de lytta og tok innover dykk engasjementet. Sjølv var eg til stades på Ådlandsfjorden skule og fekk oppleva at unge og gamle stod som sild i tønne. Det var eit enormt positivt engasjement som gjorde meg stolt og glad. Dessverre greidde ikkje kommunedirektøren og hans folk å registrera anna enn at det var mange menneske i lokalet. Om lag 215 står det i referatet som administrasjonen tok i møtet. Det var nok ein del fleire, men likevel er det talet det mest presise i dokumentet. At det går an å publisera eit slikt makkverk.

Eg er klar over at det vart teke referat fortløpande og at det derfor skal noko til å få med seg alt som vart sagt. Likevel må ein kunna forventa at godt gasjerte byråkratar tek seg bryet med å reinskriva eit referat som skal inngå i ei politisk sak. Saman med ei rekke skrive- og teiknsetjingsfeil, gjer direkte feilsitat at delar av meiningsinnhaldet i det som vart ytra har forsvunne. Eg set min lit til at de politikarar som var i møtet tok eigne notat. Til dei av dykk som ikkje var der; les heller Os & Fusaposten sin reportasje. Den har langt større truverd som kjelde.

Les også
Siterte tidlegare bergensordførar: «Ligg dokker sammen og gjør nokke»
Les også
Kampen er ikkje over: — Vi er bevisste på at dette er eit forslag, og ikkje eit vedtak

Så kjære politikarar, lytt til folket og ta framsynte val som vil skapa vekst og utvikling. Då vil det på sikt bli solid økonomi i kommunen. Det er menneska i lokalmiljøa som er den viktigaste ressursen ein kommune kan ha, gløym ikkje det.

Gode ordførar og varaordførar; me som soknar til Ådlandsfjorden skule, er som dykk. Me likar privat initiativ, entreprenørskap, hardt arbeid og minst mogleg offentleg innblanding. La oss behalda den gode skulen i bygda, så vil nok vår relasjon ha ei blomstrande framtid i JA-kommunen Bjørnafjorden.

Til sist vil eg nytta høvet til å ønskja Halhjem og Strøno lykke til. Alle barn i Bjørnafjorden fortener ein trygg og god nærskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arild Matland

Les også
Kom med pengetips på skulemøte: – Vil du vita korleis du kan få inn 40–80 millionar på nokre månader?