Når eg har reist med hurtigbåten frå Rosendal og inn mot kaien på Osøyro, blir eg alltid så glad for å sjå heimbygda mi!

DEBATT

Kjære bjørnefjordingar!

Lat oss verna om og ta vare på særpreget me har i Os-bygda.

 

Eg held lokalavisa Os & Fusaposten og ser fram til dagane når avisa kjem. Det betyr mykje å få lokalavisa, når ein bur ein annan plass i Noreg.

I det siste har det vore mange innlegg om eit hotell som nokon har planar om å få bygd i nærleiken av kulturhuset Oseana. Om eg har forstått det rett, er planane at hotellet blir svært høgt og dominerande i forhold til annan bebyggelse i området. 

6. februar var det to par som skreiv inn til avisa med overskrifta: "Slå ring om den fagre bygda me kjenner så vel".

Eg vil gjerne få takka Gunnar og Kristi Kvåle og Kjell og Eli Barman for det som de fekk fram i innlegget dykkar. Eg er så einig i at dette hotellet ikkje bør byggjast i nærleiken av Oseana.

Lat oss verna om og ta vare på særpreget me har i Os-bygda. Når eg har reist med hurtigbåten frå Rosendal og inn mot kaien på Osøyro, blir eg alltid så glad for å sjå heimbygda mi!

Berit Ruland Fosse

Powered by Labrador CMS