Intensjonsavtale: Ein intensjonsavtale har ikkje evig liv, men ein bør forventa noko lenger levetid enn to år.

Kommunetunet og selfangst

Sal av Kommunetunet er alt anna enn eit døme på langsiktig politikk. Kommunetunet er indrefileten på Leiro.

Eg har blitt fortalt ei sannsoge (?) frå den tid det vart drive stort med selfangst. Det var eit stritt arbeid. Ein spesielt kald dag seier ein av karane: «Nei, no er det så kaldt at eg vil ta meg ein dram, så eg får varmen i meg.» Ein av dei andre var heilt i mot drikking og sa at å ta ein dram nyttar like lite som å pissa i buksa. «Berre piss i buksa, du – sa hin – eg tek meg ein dram».

Eg kom på denne soga då eg las i Os og Fusaposten at det er aktuelt å selja Kommunetunet i Eikelandsosen. Bjørnafjorden kommune manglar pengar, mykje pengar. Eg har vore så heldig at eg har arbeidd i kommunen frå tidleg 80-tal. Det er ein ting som har vore gjennomgåande så godt som alle desse åra – det har mangla pengar, ofte mykje pengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser me på kva tenester Fusa kommune ytte i 1983 og kva Bjørnafjorden kommune yter i dag, så er det ein himmelvid forskjell. Tenester som i dag er sjølvsagte, ville vore utenkelege i 1983. Erfaringa er at om det på kort sikt ser mørkt ut, så er det ei positiv utvikling over tid. Det stiller store krav til politikarane som skal møta eit notidig krav om innsparingar, samstundes som dei skal tenkja langsiktig og sjå i krystallkula kva tenester som er viktige å verna om og ha eit blikk for at det kjem krav til tenester som me ikkje veit om i dag.

Les også
Åtvarar mot sal av Kommunetunet: Fryktar fusingane mister nærleiken til kommunen
Les også
Kva skjer med Kommunetunet?

Fusa kommune har hatt politikarar som har tenkt langsiktig. Eit par døme på dette:

Fusa ungdomsskule vart bygt i 1965. Fusa kommune kjøpte då eit stort område frå ungdomsskulen til Lueelva – grensa til Koldal. På dette område har det seinare kome barneskule i 1970, idrettsanlegg med grus- og grasbane i 1976, samfunnshus i 1982, barnehage i 1993. Dersom ein hadde tatt eit tiltak om gongen, er det svært sannsynleg at det hadde kome opp private bustadar i dette attraktive området. Det hadde effektivt punktert den gode utnyttinga me har av området i dag.

På slutten av 80-talet kom det opp spørsmål om å selja bustadtomter på det kommunale område langs Lueelva. Med ordførar Jan Koldal i spissen vart dette avvist av kommunestyret, sjølv om det også den gongen var trong for nye hus og innbyggjarar. Grunngjevinga var at det var viktig for Fusa kommune å ha areal til å utvikla skule- og idrettsområdet. Politikarane sitt vedtak den gongen gjer at me i dag har fått plass til ein idrettshall der den gjev best nytte for seg – i nærleiken av skular og andre idrettsanlegg.

Sal av Kommunetunet er alt anna enn eit døme på langsiktig politikk. Kommunetunet er indrefileten på Leiro. Lett tilgjengeleg for publikum. Bjørnafjorden kommune vil ha behov for hus til kommunale tenester sentralt i Eikelandsosen så lenge det vert ytt kommunale tenester. Med sal av Kommunetunet må areal til slike tenester leigast i all framtid. Eit nedbetalt bygg må vera vesentleg billigare enn å leiga i andre lokale.

Intensjonsavtalen som vart vedtatt i samband med overgang til Bjørnafjorden kommune sa mellom anna at kommunale arbeidsplassar i kommunedelsenteret Eikelandsosen skal oppretthaldast. Ein intensjonsavtale har ikkje evig liv, men ein bør forventa noko lenger levetid enn to år.

Med ein pandemi som har herja dei siste to åra, har ein ikkje fullt ut fått prøvt ut korleis ein kan gjera seg nytte av Kommunetunet til beste for publikum og dei tilsette. Biblioteket i Kommunetunet har ei plassering som er heilt ideell. Kvar finn ein areal som kan erstatta det?

Det kan godt vera at innhaldet i bygget vil endra seg. Ragnhild Bjørke sitt innlegg i avisa peikar på alternativ bruk av bygget. Eg er viss på at framtida vil visa fleire alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to karane på selfangst valde begge kortsiktige løysingar for å halda varmen. Eg vil ikkje skulda politikarane i Bjørnafjorden kommune korkje for å pissa i buksa eller å ta seg ein dram. Eg har håp om at dei i god tradisjon frå døma som er nemnt over, vel å tenkja langsiktig og ikkje selja Kommunetunet.

Terje Raunsgard