Kvifor selja?: Kommunetunet er eit fint bygg som ligg sentralt, er universelt utforma og inneheld bibliotek, kontor, kantine med tekjøkken og møterom. Kvifor selja dette?

Kva skjer med Kommunetunet?

Eg trudde ikkje mine eigne øyrer då eg høyrde at det var snakk om å selja Kommunetunet, tidlegare rådhuset i gamle Fusa kommune.

Eg skjønar det slik at ein skal selja kommunale eigedomar i fleng, for å koma i mål med budsjettet i komande år.

Kommunetunet er eit fint bygg som ligg sentralt, er universelt utforma og inneheld bibliotek, kontor, kantine med tekjøkken og møterom. Kvifor selja dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein ikkje har bruk for kontor lenger, fordi alle tenester er flytta til Osøyro, så må ein i alle fall vurdera nøya kvalitetane i dette bygget og kva det kan brukast til elles.

Kommunetunet kunne blitt eit perfekt eldresenter.

Kontorfløyane kunne vore bygde om til lettstelte eldrebustader. Her ville dei eldre hatt kort veg (rullatorvenleg), til det pulserande livet på Fjorden senter, med butikkar, kafé, apotek, legekontor, vinmonopol, fysioterapi, frivilligsentral og dei aktivitetane som Fjorden senter arrangerer i løpet av året.

På biblioteket kunne det vore kursaktivitet, pensjonisttrim, møte for eldre og anna.

I kantina kunne ein hatt felles middagar med middagslevering frå kjøkenet på Fusa Bu- og Behandlingssenter, og frivillige som ville stilla opp for å få gjennomført slike måltid. Kanskje også feiring av bursdagar, 17.mai, jul og sommarfest i samarbeid med pårørande/frivillige.

Rett nok er økonomien elendig i Bjørnafjorden, og alle fine valløfte om å satsa på gode tenester til dei eldre er alt gløymde. Men kanskje er dette investeringar som vil løna seg i det lange løp? Dei eldre i Fusa bur spreidd i dei mange bygdene. Om fleire kunne bu saman i eit slikt eldresenter, er det enklare for heimetenesta å hjelpa dei.

Om kommunestyret vågar å gjera vedtak om å selja dette huset, misser eg mykje av tilliten eg har hatt til dei.

Ragnhild Bjørke

Artikkelen held fram under annonsen.