Bidragsytar. Kongshaug er ein viktig bidragsytar til at musikk- og kulturlivet i kommunane får tilgang på ressurspersonar til viktig arbeid.

Kongshaug må få behalda likebehandlingstilskotet for musikkundervisning

Vi er uroa for at eit svært viktig musikk-utdanningstilbod i Bjørnafjorden kommue og Vestland fylke kan falla bort.

Dette lesabrevet er ein interpellasjon (forslag) sendt frå Trine Lindborg (Ap) til kommunestyret.

Bjørnafjorden kommune er svært uroa for at Kongshaug Musikkgymnas no kan koma i ein uhaldbar økonomisk situasjon fordi ein gjennom Statsbudsjettet ikkje har lagt fram ein finansieringsmodell som ivaretek likebehandlingsprinsippet når det kjem til musikkundervisning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er uroa for at eit svært viktig musikk-utdanningstilbod i Bjørnafjorden kommue og Vestland fylke kan falla bort, og er ikkje nøgd med at nasjonale styresmakter har vedteke å fjerna musikkundervisings-tilskot som sikrar at Kongshaug Musikkgymnas får finansiering på linje med offentlege musikktilbod.

Les også
Har kjempa for å reversera kuttet. I dag kom nok ein nedslåande beskjed. – Vi gir ikkje opp!

For musikk så er det ofte ein-til-ein-undervising i instrument eller undervising i mindre grupper. Til dømes gjer Vestland Fylkeskommune det på same måte på dei offetlege musikklinjene, og då vert det svært urimeleg å ikkje sikra Kongshaug same moglegheit og ressursar for deira elevar.

Kongshaug Musikkgymnas i Bjørnafjorden har vore starten på musikk-karrieren for mange utøvarar på nasjonalt nivå. Men det er også ein viktig bidragsytar til at musikk- og kulturlivet i kommunane får tilgang på ressurspersonar til viktig arbeid. Svært mange korps- og kor-dirigentar, samt kulturskulelærarar har bakgrunnen sin frå Kongshaug Musikkgymnas, og nyttar den kunnskapen, saman med anna yrkesutdanning, mange stader i heile landet vårt.

Les også
Nå må Kongshaug musikkgymnas kjempe for å overleve!

I statsbudsjettet for 2023 vart tilskotet halvert, og i framlegg til statsbudsjett for 2024 er det foreslått fjerna heilt. For Kongshaug Musikkgymnas utgjer det 4,5 millionar NOK.

I tillegg til å vera ein skule kjent for svært høgt fagleg nivå og med eit godt rykte, er Kongshaug ein internatskule og ein stor og viktig arbeidsplass i Bjørnafjorden kommune. Skulen har 125 elevar frå heile landet, ca halvparten er frå Vestland fylke (59 for skuleåret 2023/2024).

Les også
Regjeringa har kutta i støtta: Framtida i fare for Kongshaug Musikkgymnas

Det gode, trygge og inkluderande miljøet med internat gjer at distriktsungdom frå heile landet og frå alle samfunnslag kan få velj musikkdraumen sin som vidaregåande opplæring ved Kongshaug. Dette meiner vi er god sosial- og distrikspolitikk til det beste for ungdommane våre.

Bjørnafjorden kommune vil be partia på Stortinget samarbeid for at ordninga med tilskot til reine musikklinjer som ved Kongshaug Musikkgymnas vert teke inn att i budsjettet for 2024 og vert vidareført, i alle fall fram til ei varsla ny og varig ordning for alle skular med musikklinjer er på plass.

Framlegg til vedtak:

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommune sender denne samla uttalen til:

Kunnskapsdepartementet ved Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Kultur-og likestillingsdepartementet ved Kulturminister Lubna Jaffery,

Famile-og kulturkomiteen

Utdannings-og forskningskomiteen

Alle partia på Stortinget

Trine Lindborg (Ap)