Kolskogen-krysset: Jan Gaassand stiller spørsmål ved begrepet «vegnormal».

Kva er gale med det nye krysset i Kolskogen?

Det er no politisk vedteke at Hordfast skal nedskalerast. Då må dette nye krysset i Kolskogen kunna brukast også om Hordfast kjem.

I oktober skal den nye vegen frå Svegatjørn til Rådal opnast. Heile vegen, inkludert krysset i Kolskogen, er bygd og dimensjonert for 100 km/t.

Krysset er bygd med akselerasjonsfelt og retardasjonsfelt i begge retningar. Veganlegget fungerer som eit kryss i to plan og med rundkøyring på begge sider. Krysset er likt det vi finn i Tyskland på vegar med fri fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dette er tydelegvis ikkje godt nok for dei som planlegg Hordfast. Dei kjem med påstandar om at vegkrysset ikkje er godt nok. Dette trass i at vegkrysset er heilt nytt og berre delvis er teke i bruk.

Dei viser til vegnormalen som om vegnormalen er hogd i stein og er ufråvikeleg.

Kva er ein vegnormal?

Er det ei juridisk binding knytt til ein vegnormal?

Er ein vegnormal noko anna enn ei rettleiing for vegplanlegging, og som kan fråvikast?

Det vert også hevda at det i sørenden av krysset er for smal vegbredde. Der er det mogeleg å skyta vekk meir fjell på vestsida av vegen.

Det er no politisk vedteke at Hordfast skal nedskalerast. Då må dette nye krysset i Kolskogen kunna brukast også om Hordfast kjem.

Jan Gaassand

Artikkelen held fram under annonsen.