Lang tid: Søraust i kommunen er det i dag personar som bruker inntil 1 time for å koma til legevakt i i Eikelandsfjorden, noko som i seg sjølv er for lang tid.

Kvifor ikkje leggja ned legevakta på Moberg og flytta alt til Eikelandsfjorden?

Dei aller fleste på Os-sida av kommunen har svært kort veg til legevakta i Bergen.

Leser i forslaget til budsjett fra kommunedirektøren i Bjørnafjorden kommune at det må vurderes å legge ned legevaktordninga i Eikelandsfjorden. Dette skriver direktøren er ei vanskeleg og upopulær sak. Det er ikkje bare det, men og uansvarleg for innbyggjarane i delar av kommunen.

Søraust i kommunen er det i dag personar som bruker inntil 1 time for å koma til legevakt i i Eikelandsfjorden, noko som i seg sjølv er for lang tid. Kva då med like til Moberg?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også at direktøren meiner det er ikkje noko hinder at det er ein fjord mellom, dette er bra. Eg har då eit forslag, kvifor ikkje leggja ned legevakta på Moberg og flytte alt til Eikelandsfjorden. Dei aller fleste på Os-sida av kommunen har svært kort veg til legevakta i Bergen.

Dette forslaget frå direktøren vart laga før ein berga skulane (noko som er svært bra), men kan ein då venta seg enda større nedskjeringar og innskrenkingar i kommunen.

Elefanten i rommet er nok eigedomsskatt, noko ingen vil ha, men som ein kanskje må innføra for å berga levevilkåra i heile Bjørnafjorden kommune.

Sven Ole Tveit

Pensjonist